Eksamensforsøk

Informasjon om eksamensforsøk ved Høgskulen på Vestlandet

Du har tre eksamensforsøk på kvar eksamen. Dersom du ikkje melder deg av innan fristen, og ikkje møter på eksamen, vil det telle som eit forsøk. Du kan melde deg av eksamen inntil 14 dagar før eksamensdato.

Informasjon om oppmelding og avmelding til eksamen

Dersom du har brukt opp forsøk på ein eksamen utan bestått resultat, får du etter forskrift om studium og eksamen § 4-8 (3) nye forsøk i emnet fem år etter siste eksamensforsøk. Dette gjeld tilsvarande for forsøk i praksis. Ved nytt opptak må det fagleg vurderast om studenten kan starte på same nivå.

Søknad om fjerde forsøk på eksamen

Du kan få innvilga eit fjerde forsøk på eksamen dersom du ikkje har bestått resultat etter tre forsøk, dersom eit av følgjande vilkår er oppfylte:

  • Du manglar maksimalt 60 studiepoeng for å fullføre ein grad, eller yrkesutdanning

 eller

  • emnet er obligatorisk i programmet eller forkunnskapskrav for eitt eller fleire obligatoriske emne i graden

eller

  • særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve ligg til grunn for at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Søknaden må i så tilfelle vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person som viser dette. Studenten sin tilstand på eksamenstidspunktet og studenten sin sjanse til å gjennomføre, trekkje seg eller sjukmelde seg frå eksamenen skal gå fram av dokumentasjonen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar kan telje med i vurderinga av søknaden.

Det kan stillast krav om at du må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar på nytt.

Du sender søknad til post@hvl.no.

For å ta eksamen må studieretten din være aktiv. Dersom du har behov for å utvide studieretten din, ta kontakt med studierettleiar. Du må betale semesteravgift i det semesteret du skal ta eksamen.

Sjå forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 11-5 (3).