Oppmelding og avmelding til eksamen

Oppmelding til eksamen er ein del av semesterregistreringa i Studentweb. Fristen er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.

Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, blir du meldt opp til eksamen i emna som ligg i planen din.

Du finn oppmeldingane dine under «Aktive emne» på Studentweb. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at alle oppmeldingar er på plass, og at dei er korrekte. 

Skal du melde deg opp til emne som ikkje ligg i utdanningsplanen din, eller til utdanningar utan utdanningsplan, gjer du dette i Studentweb under «Aktive emne». Der kan du søke opp emnet/emna du skal melde deg opp til.

Avmelding

Du kan melde deg av eksamen inntil 14 dagar før eksamensdato. Dette gjer du i StudentWeb ved å gå inn på det enkelte emnet i «Aktive emne» og trykke på «trekk frå vurdering».

Du har tre eksamensforsøk på kvar eksamen. Dersom du ikkje melder deg av innan fristen, og ikkje møter på eksamen, vil det telle som eit forsøk.

I spesielle tilfelle kan det etter dokumentert søknad bli innvilga eit fjerde forsøk, jf. forskrift for studium og eksamen ved Høgskulen ved Vestlandet §9-15. Du sender søknad til post@hvl.no.