Studentkort

Studentkortet er ein viktig del av studiekvardagen. Det vil blant anna vere nødvendig med kort for å kunne bevege seg rundt i og ut av bygga på kveldstid.

Slik kan du bestille studentkort

For å få eit studentkort ved HVL må du:

  1. laste opp eit bilde av deg sjølv på mittbilde.hvl.no
  2. etter 15 minutt kan du bestille kortet på nettskjema.hvl.no/tingkort/

Ingen studentkort blir produsert utan at dei blir bestilt i nettskjemaet. Hugs å velge kva campus du vil hente studentkortet ditt på. Bestill ved å klikke på 'Ting kort'.

Bruk eit fargebilde i ståande passfoto-/portrettformat med kvit/lys bakgrunn. Du kan ha på deg religiøst hovudplagg, men ikkje solbriller, hatt eller plagg som dekker til ansiktet. Sjå rett inn i kamera.

Studentkortet ditt vil vere ferdig innan ei veke etter du har lasta opp bildet og bestilt kortet på nettskjema.hvl.no/tingkort/

NB! Er du nautikkstudent? I samband med kursbevis og sertifiseringar for nautikkutdanninga må du ha eit foto av høg kvalitet. Fotografering til studentkort og kursbevis/sertifisering blir difor koordinert i løpet av oppstartsveka ved campus Haugesund. 

Utdeling av studentkort til nye studentar

Er du student i Haugesund, Førde eller Sogndal, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 08.00–15.00. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via skjema før kortet er klart.

Er du student i Bergen, kan du hente kortet ditt ved grupperom F111 på K1 kl. 09.00–1900 måndag til fredag og kl. 09.00–15.00 laurdag og søndag. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via skjema før kortet er klart.

Er du student på Stord, kan du hente kortet ditt i Servicetorget kl. 09.00–13.00. Det kan ta inntil ei veke etter bestilling via skjema før kortet er klart. 

Studentbevis-app

I tillegg til det fysiske studentkortet, bør du ha Studentbevis-appen. Denne appen fungerer som studentbevis m.a. på buss og tog, og hos Saman.

Her finn du informasjon om Studentbevis-appen.

Vanlege spørsmål om studentkort og studentbevis

Kva kan eg bruke studentkortet til?

Studentkortet er ID-kort, nøkkelkort og lånekort på biblioteket, samt gir tilgong til HVL sine skrivarar/kopimaskinar. Ver obs på at dersom du skal fylle utskrifter på kortet ditt etter at du har endra koden, kan det gå inntil 24 timar før den nye koden er aktivert.

Gyldig studentkort vil, saman med studentbevisappen som er gyldig semesterkvittering, gi deg tilgang til SAMMEN sine rabattordningar. Unntak er studier som er fritatt for semesteravgiftsbetaling. Ta kontakt med rekneskap@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane.

Kva er forskjellen på studentkort og studentbevis?

Studentkortet er eit fysisk nøkkelkort, medan studentbeviset er ein mobilapp.

Medan du venter på studentkortet ditt kan du laste ned studentbevisappen. Når semesterbetalinga di er registrert vil studentbevisappen vere gyldig studentlegitimasjon, noko som gir deg tilgang til rabattavtalar; kollektivtransport m.m.

Før du får studentkortet ditt kan du låne bøker på biblioteket via studentbevisappen, og bruke bankkortet ditt til å kopiere/skrive ut.

Studentbevisappen er eit godt supplement til studentkortet, men vil ikkje gi deg tilgang til HVL sine bygg, slik studentkortet gjer. Utan studentkort har du berre tilgang til campus i opningstida.

Kvifor virker ikkje Studentbevis-appen min?

For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb. Les om semesterregistrering her.

NB! Nokre studier er fritatt for semesteravgiftsbetaling og dermed vil heller ikkje studenten kunne bruke studentbevis-appen før avgift er betalt. Ta kontakt med rekneskap@hvl.no dersom du likevel ønsker å betale semesteravgift for å få tilgang til rabattordningane til SAMMEN og kollektivtransport.

Les meir om Studentbevis-appen

 

Korleis endrar eg namn på kortet mitt?

Når du endrar namn får du nytt studentkort gratis. Det gamle studentkortet leverer du inn til makulering i Servicetorget når du får utlevert det nye.

Her finn du informasjon om kva du må gjøre for å endre namn i HVL sitt system. 

Kor vil eg få nøkkeltilgong?

Studentkortet ditt vil vere programmert til å gi deg tilgang basert på ditt studieprogram og den campusen du tilhøyrer. Skulle du trenge tilgang til andre rom, be din faglærar stadfeste dette ovanfor Servicetorget eller ADU.

Kva er pinkoden min?

Koden på studentkortet er den same som innlogging på Studentweb. Du har fått koden tilsendt på SMS.

Du opnar dører, tar utskrifter osv. ved å halde kortet opp mot ein kortlesar. For kortlesarar med tastatur, og for å få tilgang etter normal stengetid, må du bruke pin-koden i tillegg.

Har du gløymt PIN-koden din? Du kan endre den i Studentweb. Dersom du endrar koden på StudentWeb, blir koden også endra for studentkortet ditt. Det kan ta opp til 24 timar før den nye koden er aktiv.

NB! Campus Førde og campus Sogndal: Inntil felles låssystem er på plass på alle fem campus vil ikkje endring av pinkode i Studentweb endre koden din i sjølve studentkortet. Du vil få to ulike kodar; ein til Studentweb og ein til dørene. Ta kontakt med Servicetorget dersom du har gløymt koden din.

Eg treng nytt studentkort, kva gjer eg?

Har du endra namn får du nytt studentkort gratis, for meir informasjon sjå over.

Har du mista studentkortet ditt betaler du kr. 100 for eit nytt og slik bestiller du: 

Campus Bergen:

  1. bestill nytt studentkort via eirik.lund@hvl.no
  2. det nye studentkortet henter du i Servicetorget etter 2 dagar
  3. betal for det nye kortet via betalingsterminalen ved Servicetorget

Campus Haugesund:

  1. bestill nytt studentkort via servicetorget@hvl.no
  2. betal fakturaen du finn på din Studentweb
  3. send kvittering på betalt faktura til lars.eirik.tangen@hvl.no
  4. du vil få e-post når studentkortet er klart til henting i Servicetorget

Campus Sogndal og campus Førde:

  1. Gå til https://www.letsreg.com/no/event/nytt-studentkort
  2. Fyll inn felta (namn og e-postadresse)
  3. Klikk på knappen «Bekreft»
  4. Du blir no sendt vidare til betaling
  5. Dagen etter at du har betalt, kan du hente nytt studentkort i Servicetorget

Campus Stord:

  1. bestill nytt studentkort via servicetorget@hvl.no
  2. betal fakturaen du finn på din Studentweb
  3. send kvittering på betalt faktura til harald.thuestad@hvl.no
  4. du vil få e-post når studentkortet er klart til henting i Servicetorget

Eg ønsker nytt bilde på studentkortet mitt

Ønsker du nytt bilde kan du laste opp eit nytt via bestillingsskjemaet. Trykk på den nederste blå lenka, kor det står her. (ikkje trykk på Ting kort)

NB! Det nye bildet vil berre vise i studentbevisappen din. Dersom du vil ha nytt bilde også på studentkortet ditt koster det kr. 100. Sjå over for korleis du bestiller nytt kort. 

Treng du hjelp?

Campus Bergen

Har du problem med tilgangar på studentkortet ditt, sender du e-post til eirik.lund@hvl.no evt ta kontakt med Kortsenteret i rom B202 i hovedbygget på Kronstad. Opningstid: 08.00–10.00 på kvardagar. 

Campus Sogndal og Førde

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Kontakt Servicetorget

Campus Haugesund

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til lars.eirik.enoksen.tangen@hvl.no

Campus Stord 

Har du problem med eller spørsmål om studentkort? Send e-post til harald.thuestad@hvl.no