Studentbevis-app

For å vise gyldig semesterkvittering, lastar du ned appen Studentbevis.

Studentbevis-appen fungerer som studentbevis hos mellom anna studentsamskipnaden og kollektivtransportselskap, og vil vere gyldig på lik linje med studentkort og papirkvittering for betalt semesteravgift.

Du vil framleis trenge studentkortet ditt, til dømes for å komme inn i bygga våre på kveldstid og i helgene, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane våre.

For at appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og vere semesterregistrert. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i StudentWeb. Les om semesterregistrering.

Dersom appen ikkje viser bilde av deg, må du i tillegg vise fram anna gyldig legitimasjon med bilde.

Her kan du laste ned appen:

Slik tar du i bruk Studentbevis-appen

  1. Velg Høgskulen på Vestlandet og din studiestad som institusjon, og logg på via Feide med det vanlege brukarnamnet og passordet ditt ved HVL.
  2. Les samtykkeerklæringa og aksepter (appen kan berre brukast viss du samtykker).
  3. Les vilkåra og godkjenn (appen kan berre brukast viss du godkjenner vilkåra).

Dersom du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg, vil dette visast i ein gul boks nedst på sida.

Ved førstegangsbruk må du vere tilkobla internett for å kunne laste ned informasjon. Informasjonen blir lagra lokalt på telefonen din, og du treng ikkje ha nettilgang for å bruke den seinare.

Les meir om studentbevis-appen

Har du ikkje smarttelefon?

Du kan bestille semesterkvittering på papir gjennom StudentWeb. Frå menyen oppe til venstre vel du >Meir, deretter Bestillingar. Kvitteringa blir sendt til den adressa du vel i StudentWeb.