Bachelor- og masteroppgåver

Bachelor- og masteroppgåver skal leverast i WISEflow.

Framside

For bachelor- og masteroppgåver skal du fylle ut ei eiga framside som skal vere førsteside i oppgåva. Du skal som hovudregel skrive namnet ditt på framsida, men nokre studieprogram har krav om anonymitet. Dei det gjeld vil få informasjon frå rettleiar om det. Sjå informasjon om kandidatnummer her

Oppgåvetittel på vitnemålet ditt

For at tittelen på master- eller bacheloroppgåva skal bli med på vitnemålet ditt, må du sjølv legge den inn i Studentweb.

Språk

Bachelor- eller masteroppgåva skal skrivast på det språket som er mest relevant for innhaldet i oppgåva og dei praktiske forholda for kvar enkelt student. Oppgåver som blir skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk.

Veiledningskontrakter og retningslinjer

Innlevering

Her finn du informasjon om innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Publisering av oppgåver

Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i HVL Open. 

Spørjeundersøking

Skal du gjennomføre spørjeundersøking i oppgåva di kan du nytte verktøyet SurveyXact

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.

Fyll ut kontaktskjema