Rettleiar for masteroppgåva ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)

Rettleiaren gjeld for studentar som startar arbeidet med masteroppgåva frå og med våren 2021.

Denne rettleiaren gir utfyllande retningslinjer for masteroppgåva ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN), jf. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 11-18 (3).

Rettleiaren gjeld dei mastergradsstudia høgskulen sjølv administrerer. Ved samarbeid med andre universitet og høgskular, gjeld retningslinjene for masteroppgåva ved den høgskulen som tildeler graden.

Rettleiaren gjeld for studentar som startar arbeidet med masteroppgåva frå og med våren 2021.

Mål med masteroppgåva

Gjennom masteroppgåva skal studenten gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt innan eige fagfelt og emne for den aktuelle masterutdanninga. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid der studenten synleggjer innsikt i aktuell forsking, teori og metode som er relevant for oppgåva si problemstilling. Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid. Oppgåva skal reflektere læringsutbyttet, slik det kjem fram i emneplanen.

Masteroppgåva kan vere individuell eller eit samarbeidsprosjekt mellom to studentar, dersom ikkje anna er presisert i emneplanen.

Rettleiing

Alle masterstudentar skal inngå ein rettleiingsavtale, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 11-18 (1).

Oppnemning av rettleiar

Rettleiar blir tildelt utifrå tema for oppgåva.

Hovudrettleiaren skal vere frå HVL og skal som hovudregel vere tilsett ved instituttet/senteret.  Studenten kan og ha rettleiarar frå eksterne miljø. Dersom studenten har fleire rettleiarar, skal det gå fram av rettleiingsavtalen kven som er hovudrettleiar. Rettleiinga skal omfatte faglege, vitskapelege og praktiske sider ved gjennomføring av masteroppgåva.

Avtale om rettleiing blir formalisert i ein rettleiingsavtale som studenten fyller ut og sender til rettleiar, så tidleg som mogleg etter forventa oppstart på masteroppgåva. Avtalen skal signerast i etterkant av at temaet og metoden for masteroppgåva er valt. Studenten, rettleiaren og eventuelle medrettleiarar skal signere avtalen.

Rammer for rettleiinga

Studenten skal ha oppfylging og møter med rettleiar(ane) gjennom arbeidet med masteroppgåva.

Utover rettleiingsmøter med studenten inneber rettleiinga frå rettleiaren si side:

  • Oppfølging av studenten (forberede rettleiingsmøter, gjennomlesing av utkast og liknande)
  • Administrativ oppfølging
  • Eventuell oppfølging av lab-eksperiment, feltarbeid og liknande
  • Eventuell fagleg oppdatering

Rettleiinga er eit felles ansvar, og masterstudenten skal vere ein aktiv part:

  • Studenten har plikt til å ta kontakt med rettleiar og avtale tid for rettleiing
  • Studenten skal ta ansvaret for form og innhald i oppgåva
  • Studenten sender rettleiingsgrunnlag med konkrete spørsmål til rettleiar til avtala tid før rettleiingsmøte

Rettleiaren skal ikkje vere medforfattar av masteroppgåva. Masteroppgåva er studenten si oppgåve.

Språk

Masteroppgåva skal skrivast på norsk eller engelsk. Andre skandinaviske språk kan nyttast etter avtale med rettleiar, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen. Ved engelskspråklege masterprogram skal oppgåva skrivast på engelsk, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.

Oppgåver som blir skrivne på norsk, eller andre skandinaviske språk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på engelsk skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 11-21 (2). Kravet om samandrag på norsk/skandinavisk fell vekk for engelskspråklege masterprogram.

Struktur og formelle krav

Struktur

Strukturen og omfanget på oppgåva skal drøftast med rettleiar, og vil vere avhengig av oppgåvas art.

Fagområda har utarbeidd malar for masteroppgåva, som du finn i Canvas.

Formelle krav

Masteroppgåva skal innehalde føljande punkt:

  • HVL si framside med tittel på masteroppgåva, utdanning/fagseksjon, kandidatnummer og dato for innlevering. Framsidemal finn du på nettsida for heimeeksamen og oppgåveskriving og i mal for masteroppgåva ved FIN
  • Eit samandrag/abstract av oppgåva
  • Innhaldsliste med kapittelinndeling og sidetalstilvising
  • Figurar og tabellar skal setjast opp og omtalast i den fortløpande teksten, nummererast og ha forklarande tittel. Ei eventuell oversikt over figurar og tabellar skal plasserast etter innhaldslista
  • Referanseliste
  • Vedlegg skal nummererast og førast opp i innhaldsoversikta. Vedlegg som har fleire sider skal nummererast

Kjeldetilvising:

  • Siteringar og referanselista følgjer referansestilen som nyttast innan det aktuelle fagfeltet (til dømes IEEE, APA, Harvard eller Vancouver), sjå nettsida Søk & skriv for rettleiing i bruk av stilen
  • Direkte sitat skal vere markert med hermeteikn. Sitat som er lengre enn tre linjer skal skrivast i eit eige avsnitt med innrykk. Her nyttar ein ikkje hermeteikn. Sjå dei enkelte referansestilane
  • Ved indirekte sitat (parafrasering) endrar ein ord og ordstilling og skriv med eigne ord, samstundes som meiningsinnhaldet i opphavleg tekst ikkje blir endra
  • Sidetal skal gå fram både ved direkte sitat og indirekte sitat, kor det blir vist til ein avgrensa del av ei større kjelde.
  • Som hovudregel bør ein unngå bruk av sekundærhenvisning. Dersom ein unntaksvis viser til ei kjelde ein ikkje sjølv har lest, skal dette komme klart fram i siteringa, sjå eksempel på sekundærhenvisning i Søk & skriv

Forskingsetikk

Studenten har eit sjølvstendig ansvar for at arbeidet med masteroppgåva følgjer forskingsetiske normer, reglar og retningslinjer som gjeld for prosjektet og fagområdet.

Alle prosjekt som tar i bruk personopplysningar, skal vurderast av Norsk senter for forskningsdata (NSD) på førehand. Sjå Oppstart av studentprosjekter under personopplysningsloven

Rettleiar har ansvar for å godkjenne prosjektplanen og sjå til at dei forskingsetiske forpliktingane blir oppfylt.

For meir detaljar, sjå HVL sine retningslinjer om forskingsetikk og datalagring i masteroppgåver.

Innlevering

Oppgåva skal leverast i Wiseflow.

Tittelen på oppgåva skal førast på vitnemålet og studenten må sjølv registrere tittelen i StudentWeb ved leveringa.

For å få publisert arbeidet i HVL Open, kan studenten krysse av for publisering når oppgåva blir levert i Wiseflow. Sjå meir om publisering under punktet Publisering.

Innleveringsfrist

Innleveringsfristen skal vere kunngjort på Canvas innan oppmeldingsfristen (1. september/1. februar).

Eksamen og sensur

Frå kapittel 13 Sensur og klage i forskrift om studium og eksamen ved HVL:

  • Ved sensurering av masteroppgåve skal det oppnemnast to sensorar og minst ein av desse skal vere ekstern.
  • Sensor kan ikkje ha vore rettleiar på masteroppgåva.
  • Sensor skal minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
  • Sensurfrist for masteroppgåver er inntil 6 veker

Ekstern/intern rettleiar kan vere med på eksamen og vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål frå sensor, men må gå ut når karakter blir fastsett.

For meir informasjon om vurderingsform for masteroppgåva, sjå emneplan.

Ved ikkje bestått masteroppgåve

Frå § 11-19.Oppattaking av bacheloroppgåve, masteroppgåve og andre oppgåver i forskrift om studium og eksamen ved HVL:

  • Ved karakteren F (ikkje bestått), kan studenten levere forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgande semestera.
  • Det er berre mogleg å levere forbetra versjon ein gong.
  • Ved innlevering av masteroppgåva for andre gong kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.

Publisering

Oppgåver som er bestått, kan leggjast ut i HVL Open. Studenten bestemmer sjølv om oppgåva skal leggjast ut eller ikkje, med mindre noko anna er avtalt med eventuell prosjekteigar (klausulering).

For meir informasjon om avtalevilkår ved publisering finn du på HVL sine nettsider om Publisering av oppgåver og Avtalevilkår for publisering i HVLOpen.

Opphavsrett

Studenten har opphavsrett til masteroppgåva. Rettleiaren har ansvar for at avtalen om eigarskap av data er diskutert og avtalt før arbeidet med masteroppgåva startar opp. Dette inkluderer òg samarbeid om data etter at masteroppgåva er levert. Er det andre enn studenten som eig dataa for masteroppgåva, gjeld andre reglar.

 

Vedtatt av dekan 16.12.2020