Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Her finn du informasjon om innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Når du skal skrive oppgåve, anbefaler vi deg å sjå på biblioteket sine nettsider. I emneplanane står det kva krav som gjeld for oppgåveskriving for det enkelte emnet.

Skal du samle inn personopplysningar i samband med oppgåveskriving, må du følgje HVL sine forskingsetiske retningslinjer for registrering og handtering av personopplysningar. 

Om du studerer ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, finn du tekniske retningslinjer for oppgåveskriving her. 

Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Frist for å levere inn oppgåver er som hovudregel kl. 14.00. Fristen er absolutt. For korte heimeeksamenar er innleveringsfristen satt i høve til lengde på eksamen, sjå informasjon om innleveringsfrist i Studentweb. Alle heimeeksamenar og eksamensoppgåver skal leverast digitalt i eksamenssystemet WISEflow

Alle innleveringseksamenar står oppført i Studentweb med ein uttaksdato og ein innleveringsdato.

  • For vurderingsforma heimeeksamen er uttaksdatoen det tidspunktet oppgåvesettet vert tilgjengeleg for deg i WISEflow.
  • For andre vurderingsformer som mappe, semesteroppgåve, bacheloroppgåve og andre arbeid som skal leverast i WISEflow vil uttaksdatoen vere tidspunktet for kva tid innleveringa vert tilgjengelig og aktiv i WISEflow. I dei fleste tilfella vil dette vere to veker før innleveringsfrist.

Dokumentet du leverer inn skal ha topp- eller bunntekst med følgjande informasjon: Emnekode, kandidatnummer og dato for innleveringsfrist. Denne informasjonen finn du i Studentweb. 

Heimeeksamenar og oppgåver blir sendt til tekstgjennkjenningsprogrammet Urkund

Hausten 2020: Vi legg til 30 minutt ekstra tid for alle skuleeksamenar som er endra til korte heimeeksamenar (3–8 timar) slik at ein har tid til å organisere innlevering og evt. ekstramateriale. Det kan vere unntak frå dette for nokre eksamenar som er lagt opp slik at tidsbruken per oppgåve er ein del av vurderinga.

Fristen for å levere eksamen er absolutt, så planlegg tida di godt slik at du får levert i tide. Start difor innleveringa i god tid før innleveringsfristen.

Slik leverer du i WISEflow

Når du leverer oppgåva i WISEflow blir det automatisk laga ei framside. Denne inneheld dato, emnenamn, kandidatnummer og eventuell anna informasjon. Fyll eventuelt inn det som er nødvendig for å få levert oppgåva, til dømes tal ord.

På heimeeksamenar og oppgåver (FLOWassign) er det krav om at du lastar opp oppgåva di som ei PDF-fil. Denne brukarrettleiinga viser korleis du lagar PDF-filer

 

Logg på WISEflow

 

Ein kan finne ein demoeksamen (demoflow) nedst på startsida i WISEflow. Vi tilrår at du gjennomfører ein slik demoeksamen før du skal ha eksamen digitalt. Ein kan opne den så mange gonger ein vil. På heimeeksamen er det FLOWassign og FLOWmulti- Avansert som er dei aktuelle prøvetypane. 

Vi anbefaler å bruke dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Her finn du meir informasjon om bachelor- og masteroppgåver.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.

Fyll ut kontaktskjema