Gruppeeksamen

Særlege reglar å vere merksam på ved gruppeeksamen

Gruppeeksamen er regulert i forskrifta i § 11-17: 

  • Ved innlevering av gruppeeksamen må alle studentane i gruppa godkjenne at gruppeleiar leverer eksamensoppgåva på vegne av heile gruppa. Dette skjer når ein aksepterer gruppeinvitasjonen i eksamenssystemet. For bachelor- og masteroppgåver gjeld godkjenninga for heile gruppa òg dersom gruppeleiar godkjenner avtalen om publisering i høgskulen sitt vitenarkiv, HVL Open.
  • Heile gruppa har ansvar for å sørgje for at innleveringa er komplett. Om innleveringa ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for eksamen, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkt for fusk etter kapittel 12.
  • Karakteren på eksamen skal vere lik for heile gruppa.  
  • Bestått gruppeeksamen kan ikkje forbetrast.
  • Når munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen blir gjennomført i gruppe, skal sensorane sørgje for at alle studentane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karaktersetjinga.
  • Dersom minst ein student har gyldig fråvær eller minst ei av gruppene ikkje består eksamen, blir ny eksamen arrangert. Dersom berre ein student med gyldig fråvær melder seg opp, kan studenten ta individuell eksamen med mindre anna går fram av emneplanen.
  • Det er individuell klagerett på gruppeeksamen, jf. forskrifta § 13-3 (2)

Rutine ved tvil om deltaking på gruppeeksamen

Ifølge forskrifta § 11-17 (1) skal alle medlemmene i gruppa bidra likt på gruppeeksamen. Dersom det er semje om at eitt eller fleire medlemmer i ei gruppe ikkje bidrar tilstrekkeleg, kan den eller dei få resultat «ikkje møtt» på oppgåva, og må ta eksamen på nytt.

Det er studentane sitt eige ansvar å sørgje for eiga deltaking, og å varsle dersom nokon i gruppa ikkje deltek. 

Varsling om manglande deltaking skal bli gitt til faglærar så snart som mogleg. Faglærar vil følgje opp og ha samtalar for å løyse saka på best mogleg måte.

Dersom det etter ei heilskapsvurdering frå faglærar blir vedteke at ein eller fleire studentar ikkje har bidrege tilstrekkeleg i gruppearbeidet, skal faglærar si vurdering sendast til Eining for eksamen. Eininga tar ei ny sjølvstendig vurdering, og vedtek anten å avvise saka, eller å vedta «ikkje møtt» for den eller dei det gjeld. 

Dersom du får resultat «ikkje møtt» på ein gruppeeksamen, vil eksamen ikkje vera godkjent, og du må ta den på nytt. Når og korleis dette skal foregå må du avtale med faglærar eller studierettleiar.

Gruppearbeid er noko alle studentar må lære seg gjennom studiet. Det er ein viktig del av arbeidslivet, og HVL forventar at studentane bidreg godt på gruppeeksamen. HVL forventar òg at gruppa har forsøkt å kome til semje sjølv, før tvil om deltaking blir fremja for faglærar.