Universell utforming av IKT
Universell utforming av IKT handlar om utforming av digitale løysingar og læremiddel for å skape tilgjengelegheit for alle, uavhengig av funksjonsevne, alder og teknisk kompetanse. HVL er opptekne av at flest mogleg skal kunne nytte seg av utdanningstilboda våre, og jobbar for å famne om mangfaldet i studentmassen.
Foto: Andrea Piacquadio/Pexels. Grafikk: Lisa Marie Solheim
Kvifor er universell utforming viktig?
Visste du at kvar fjerde student i Noreg har ei funksjonsnedsetting? (SSB, 2018) Dette kan vere kronisk sjukdom, psykiske problem, lærevanskar, eller anna. Universell utforming kan også vere nyttig når omgjevnadane er skuld i nedsett funksjon, som når sola skin på mobilskjermen eller når ein prøver å sjå ein video i eit landskap med mykje støy. Alle menneske har nytte av universelt utforma tenester. På denne sida har vi samla ressursar i form av guidar, info og lenker slik at det er enkelt å treffe krava.
Sjå ein kort video som forklarar universell utforming av IKT
Video via uutilsynet
Vettreglar for universell utforming av IKT
- Bruk innebygde verktøy for å sjekke universell utforming
Når ein brukar tilgjengelegheits-funksjonen i t.d. Word, PowerPoint og Canvas, vil ein få beskjed om feil innan universell utforming. - Pass på at tekstfargen er mørk nok mot lys bakgrunn, eller omvendt
God kontrast på materiale som skal lesast er viktig. Standard tekstfarge er som oftast god nok, hald deg til den og ikkje vel andre fargar om du kan unngå det. - Ver obs på tekstformattering
Rettleiing for formattering i dei spesifikke programma finn du i guidane under. Bruk lett leselege skrifttypar som t.d. Arial og Times New Roman. Vel ein skriftstorleik som er enkel å lese, minimum 11 på dokumentformat og minimum 20 i presentasjonsformat som PowerPoint. Understreking bør i utgangspunktet brukast til merking av lenker, bruk heller feit eller kursiv skrift for å utheve ord. - Bruk innebygde overskriftformat og lister
Program har som regel ferdige overskrifter og listefunksjon du kan bruke. Hugs å bruke stilar/overskrifter og lag eit hierarki med nivåa slik at teksten er enkel å navigere i. Det same gjeld bruk av lister. - Tydeleggjer innhaldet i lenker
Tittel på lenka skal seie noko om kva lenka inneheld. Informer i parentes eller i lenke-tittelen om lesaren vert sendt til eksterne nettsider eller om lenka er kopla til eit dokument. - Bruk meir enn berre fargar for å illustrere eit viktig poeng
Mellom 5 og 8 % av alle menn er fargeblinde. Om du t.d. bruker raud og grøn på tekst for å illustrere rett og gale vil ikkje denne brukargruppa kunne sjå forskjell. Dette gjeld òg grafikk. - Alternativ tekst ved bruk av bilete/grafikk er viktig
Nokon bruker reiskapar som les opp digital tekst for dei. Då er det viktig at ein legg opp til at dei får med seg innhald i bilete òg. Guidane under tar føre seg korleis du enkelt kan gjere dette. - Ver merksam ved bruk av tabellar
Tabellar skal formaterast med tabellfunksjonen, innehalde overskrifter, og berre brukast der det er nødvendig og relevant. Meir om tabellar finn du i guidane nedanfor. Hugs å ikkje bruke bilete av tabellar, då dei ikkje kan lesast av skjermlesar-verktøy. - Ver konsekvent og bruk interne malar
Bruk av malar skapar samanheng og attkjenning. Sjå malar for tilsette her (kun for tilsette). Det er òg viktig at innhald blir presentert i ei meiningsfull rekkefølgje, t.d. ved oppsett av emnestruktur i Canvas. - Opptak av video og lyd skal ha skriftleg alternativ
Bruker du video eller lyd som ein bærande del av pensum, skal eit skriftleg alternativ til innhaldet vere tilgjengeleg. Læringsvideoar som vert teke opp via Panopto eller Zoom (og lagra i Panopto) vert automatisk teksta. Meir om krava til teksting finn du “video og lydopptak” på UUtilsynet sine sider.
Guidar
Webinar og kurs
Korleis jobbar HVL med universell utforming?
Krav til universell utforming av IKT
Frå 1. januar 2021 er det krav om at IKT- løysingar skal være universelt utforma. Krava gjeld nettsider, e-læringsplattformer, digitale læremiddel, digital eksamen og appar retta mot studentar, noko som betyr at det óg gjeld for læremiddel som blir publisert via HVL sine digitale plattformer. Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) fører tilsyn med det digitale læringsmiljøet.
I tillegg til å vere innanfor dei tekniske krava, må offentlege verksemder ha ei oppdatert tilgjengelegheitserklæring for kvar av sine applikasjonar og nettstadar. Ei tilgjengelegheitserklæring er verksemda si eigen vurdering av i kva grad nettstaden eller appen etterlever krava.
Du finn ei samleside for HVL sine tilgjengelegheitserklæringar her.
Arbeidsbeskrivelse
Følgjande arbeidsbeskrivelse er eit supplement til ALU sitt mandat:
Universell utforming (UU) av IKT-løysingar er eit satsingsområde det vert lagt mykje ressursar ned i. I faggruppa arbeider dei med å utvikle og forvalte dei digitale pedagogiske tenestene og programvarene HVL har slik at dei i varetek både behov for brukarstøtte og opplæring, krav til personvern og til universell utforming.
Målet er å gjere undervisning, læringsaktivitetar, vurdering og forsking tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsnivå. Digitale tenester og programvare er avgjerande verktøy for å lukast med det. Faggruppa arbeider med å støtte og halde god oversikt over høgskulens praksis når det gjeld formidling i alle digitale modalitetar, lyd, bilde, tekst og video. Ved HVL skal det vere så enkelt å formidle innhald universelt utforma gjennom digitale verktøy at det er vanskeleg å unngå.
Andre ressursar