Maia Vatlestad
Epost: Send epost
Sogndal
HB H-3038

Arbeids- og kompetanseområde

Fagansvarleg for faggruppa digital læringsdesign, i avdeling for utvikling av læring og undervisning. Faggruppa arbeider med å utvikle og forvalte dei digitale pedagogiske tenestene og programvarene Høgskulen på Vestlandet har. Målet er å sikre studentane eit godt digitalt læringsmiljø gjennom å gjere læringsaktivitetar, vurdering og forsking tilgjengeleg for alle. I faggruppa arbeider det spesialistar innan m.a. UX-design, grafisk design og universell utforming.

Frå 2022-2024 leia eg UU-teamet ved HVL. Teamet arbeidde med å bygge kompetanse blant tilsette om universell utforming av IKT, bidra til å sikre at HVL opplyller lovkrava og at me nyttar brukarvenlege og tilgjenglege løysingar.