FD22 Universell utforming av IKT i undervisning | Høst 24

Fagdidaktiske moduler | valgfri modul

Zoom

Hopp til

    Dette er en valgfri modul som inngår i «HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk».

    Modulbeskrivelse

    Korleis nyttar me universell utforming av IKT til å legge til rette for inkluderande undervisning, uavhengig av funksjonsevne? Modulen vil gje ei innføring i korleis informasjon, digitale læremiddel, undervisning og læringsaktivitetar kan utformast for å inkludere alle studentar.

    Deltakarane vil få erfaring i å universelt utforme eiga undervisning, innsikt i kva barrierar som kan oppstå i ei mangfaldig studentgruppe, og bruke kunnskap kring universell utforming for å legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø.

    Nøkkelbegrep

    Universell utforming, funksjonsnedsettingar, IKT, digitale læremiddel, inkluderande utdanning, tilgjengelegheit

    • Modulansvarlig: Anne Kristin Rønsen
    • Opptakskrav: Ingen
    • Organisering av modulen: Tre halvdagssamlingar og tilhøyrande mellomarbeid
    • Læringsplattform: Canvas
    • Målgruppe: Tilsette med undervisningsrelaterte oppgåver

    Læringsutbytte

    Kunnskap

    Kandidaten:

    • har kunnskap om universell utforming av IKT, sentralt lovverk og digitale verktøy for å sikre tilgjengelegheit
    • kjenner til barrierar som kan oppstå i ei mangfaldig studentgruppe

    Ferdigheitar

    Kandidaten:

    • kan bruke kunnskap om universell utforming av IKT for å legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø, uavhengig av funksjonsevne
    • kan reflektere over behov for endring av eiga undervisning

    Generell kompetanse

    Kandidaten:

    • kan planlegge og gjennomføre undervisnings-, og læringsaktivitet i tråd med universell utforming av IKT

    Læringsaktiviteter

    Modulen består av tre digitale samlingar og tilhøyrande mellomarbeid.

    Arbeidsformer som vert nytta er diskusjon, gruppearbeid, førelesing, sjølvstudium, munnleg presentasjon, praktiske øvingar og digitale læringsressursar.

    Arbeidskrav

    Følgande arbeidskrav er knytta til modulen:

    1. Delta i innleiande gruppediskusjonar.
    2. Levere ei oppgåve om korleis ein kan sikre tilgjengelegheit i ulike situasjonar for ei mangfaldig studentgruppe.
    3. Lage ein presentasjon med refleksjonar kring korleis ein kan gjere eigen undervisning meir inkluderande. Skal presenterast for dei andre kursdeltakarane på siste samling.

    Vurdering

    • Gjennomføring av arbeidskrav
    • Gje attendemelding på kvarandre sitt arbeid
    • Deltaking på samlingar

    Gjennomføring av modulen:

    Første digitale samling (3 timar): Dato kjem

    • Veien mot en inkluderende høgskole - universell utforming og individuell tilrettelegging v/Thomas Owren, høgskolelektor på Institutt for velferd og deltaking ved HVL

    Mellomarbeid: Refleksjon over eiga undervisning – kort skriftleg oppgåve

    Andre digitale samling (3 timar): Dato kjem

    • Inkluderende undervisning - et kræsjkurs med konkrete eksempler v/ Rannveig Beito Svendby, førsteamanuensis i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet

    Mellomarbeid: Produsere ein universelt utforma presentasjon kring korleis ein kan gjere eiga undervisning meir inkluderande

    Tredje digitale samling (2 timar):Dato kjem

    • Deltakarane presenterer
    • Erfaringsdeling og vegen vidare

    Litteratur

    Svendby, R. B. (2023). Inkluderende undervisning i høyere utdanning – Oppstartsguide med inkluderende strategier for undervisere. Cappelen Damm Akademisk.

    Bong, W. K. Og Chen, W. (2021). Increasing faculty´s competence in digital accessibility for inclusive education: a systemic literature review. International journal of inclusive education, DOI: 10.1080/13603116.2021.1937344. https://doi.org/10.1080/13603116.2021.1937344.

    Langørgen, E. og Magnus, E. (2018). ‘We are just ordinary people working hard to reach our goals!’ Disabled students’ participation in Norwegian higher education. Disability & Society, Volume 33, s. 598-617 https://doi.org/10.1080/09687599.2018.1436041