Spørsmål og svar om universell utforming

Har du spørsmål om universell utforming som du ikkje finn svar på i guidane? Send ein e-post til universell@hvl.no.

Ally vil at eg skal "tagge"/"merke" kompendium som eg har fått via Bolk, men eg har ikkje originalfila. Kva gjer eg?

Juni 2023: HK-direktoratet har blitt gjort oppmerksam på saken, og vi følgjer med på om det kjem ein løysning. I mellomtiden kan undervisarar overse farevarslar frå Ally rundt filar som kjem frå Bolk.

Må eg sørgje for universell utforming av læremateriale sjølv om eg, såvidt eg veit, ikkje har nokon med nedsett funksjon i emna mine?

Ja. Akademia skal vere tilgjengeleg for alle. Universell utforming er ikkje det same som tilrettelegging, kor dei individuelle behova blir møtt ved søknad. Universell utforming ivaretek og kjem felles behov i møte utan at studenten skal måtte be om at undervisning og læremateriale blir tilpassa. Slik opplever studenten å heller bli møtt av ressursar som allereie er utforma på ein inkluderande måte.

Det er heller ikkje slik at universell utforming nødvendigvis handlar om nedsettingar og behov som er synlege. Nokre behov er skjulte, nokon veit ikkje om behova sine enno, og nokre behov oppstår plutseleg. Då er det greit at materialet er laga med tilgjengelegheit som utgangspunkt.

Me har gjort klar nyttige guidar om universell utforming for at det skal vere enkelt for deg som undervisar å følgje krava. Team for universell utforming er tilgjengeleg om du treng assistanse eller har spørsmål om tema. Me tilbyr også kursing og workshops.

Kva må eg tenke på om eg skal lage mi eiga nettside til bruk i undervisning?

Om du skal lage di eige nettside til bruk i undervisning er det viktig at den vert bygd i tråd med lovkrava. Sørg for å følgje Uutilsynet sine guidar.

IKT-løysingar som HVL er ansvarleg for og som brukast i undervisning skal også ha ein tilgjengelegheitserklæring. Du finn meir info om korleis du opprettar ein tilgjengelegheitserklæring her.

Teamet med ansvar for universell utforming på HVL kan og rådgje og gje støtte.

Korleis kan eg passe på at eg lagar universelt utforma oppgåver, quizar og eksamenar?

Hugs å følgje Word-guiden for universelt utforma dokument. Elles har vi nokon kjappe tips:

  • Hugs alternativ tekst på bilete som ikkje er til dekorasjon.

  • Kontrast og fargebruk
    • Nytt mørke fargar på lys bakgrunn, og omvendt der kor du har kontroll over det
    • Ikkje la oppgåver vere avhengig av kun farge, til dømes kun raud og grøn for rett og gale.
  • Sjekk at tekst er leseleg sjølv når den vert forstørra opp til 200%.

  • Ikkje bruk bilete med tekst på dersom du kan formidle den same bodskapen ved å skrive det. Ein må uansett tilby ein tekst-basert versjon slik at skjermlesarar for svaksynte kan lese opp teksten.

  • Instruksjonar må ikkje kunn vere avhengige av form, storleik, visuell plassering, orientering eller lyd for å kunne bli forstått. 

Eg vil bruke ein app eller webside eg fann, i undervisninga mi. Kva må eg gjere for å legge til rette for universell utforming?

Hugs å vere kritisk til appar og nettsider slik at ingen studentar blir ekskludert. I guidane på hvl.no/universell vil du få informasjon om kva som gjer digitalt innhald universelt utforma. Ta kontakt med universell utforming teamet om du har spørsmål om eksterne ressursar eller treng hjelp til å gjere informasjonen din tilgjengeleg for alle.