Tilrettelegging av studiesituasjonen

Har du behov for spesiell tilrettelegging av studiesituasjonen? Da bør du informera høgskulen om dette så tidleg som mogleg.

Det kan vere ulike årsakar til behov for tilrettelegging, for eksempel kort- eller langvarig sjukdom/skade, funksjonshemmingar, lese- og skrivevanskar, graviditet/amming, toppidrett mm. Høgskulen har som eit overordna mål å tilrettelegge på ein slik måte at flest mogleg kan gjere seg nytte av studietilboda våre.

Undervisning og praksis

Ta kontakt med oss for å sjå på mogeligheiter for å få tilrettelagd studieplanen og/eller praksisplassen.

Studentsamskipnaden på Vestlandet

Studietid er meir enn undervisning og eksamen, den gjev òg mykje moro og gode stunder. Men einsemd og prestasjonsangst kan også vera eit stort problem blant studentar. Studentrådgjevartenesta skal vera både rådgjevande, rettleiande og førebyggjande. Studentsamskipnaden på Vestlandet har mange tilbod for studentar, sjekk nettsidene deira: