Tre studentar som sit ved bord og jobbar med skulearbeid.

Studentassistent ved HVL

Vil du bidra til at andre studentar får ein god studiekvardag? Studentassistent er ei lønna deltidsstilling der du får ansvar for ei eller fleire studentgrupper som du møter jamleg gjennom studieåret.

Målet med studentassistentordninga er å bidra til at studentane lykkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema for møta kan vere faglege nokre gonger, og andre gonger kan det kan handle om studieteknikk og motivasjon. Eit viktig poeng med gruppene er at studentane blir godt kjent med kvarandre.

Alle fakulteta våre har studentassistentar, men ordninga kan variere noko i dei ulike fagmiljøa. 

I tillegg har HVL ei mentorordning som er retta inn mot førsteårsstudentar. Denne ordninga er ikkje like tett knytt opp mot fagleg innhald i utdanninga.

Sjekk ut stillingsutlysinga for ditt fakultet, og søk no!