
Vil du bli studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap?
Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) søker deg som er 2. eller 3. årsstudent på bachelorstudium eller masterstudent til deltidsjobb som studentassistent haust 2025 og vår 2026.
Målet med studentassistentordninga er å bidra til at studentane lukkast i utdanninga si – både fagleg og sosialt.
Som studentassistent skal du vere ei støtte for andre studentar i studiekvardagen, blant anna ved å planlegge og gjennomføre treff for førsteårsstudentar gjennom studieåret.
Møta kan vere både faglege og sosiale, med tematikkar som til dømes studiemeistring og motivasjon. Hensikta er å bli kjend med kvarandre og faget ein studerer.
Talet på studentassistentar, og studentar i gruppene, vil variere mellom dei ulike studia og campus.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre møte med studentgruppa.
- Støtte studentar i fagleg arbeid.
- Samarbeid med fagleg kontaktperson.
- Oppgåver tilknytt undervisning og/eller ferdigheitslæring.
- Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og på denne måten bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø i studentgruppa.
Forventingar til deg
- Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og bidra til å etablere godt læringsmiljø.
- Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar.
- Du kan arbeide sjølvstendig og likar å samarbeide med andre studentar.
- Du er strukturert og er god til å planlegge, men samtidig fleksibel og kan improvisere.
- Du har god innsikt i eigne studieprogram.
Arbeidstid, lønn og attest
Jobben som studentassistent er lønna (inkl. kurs, førebuingar og evaluering). Lønnstrinn og sats kan bli justert i samband med lønsoppgjeret.
- Ved påbegynt bachelorgrad: Lønnstrinn 35 (196,20 pr. time).
- Ved påbegynt mastergrad: Lønnstrinn 42 (214,10 pr. time).
Kvar studentassistent blir tildelt 60 arbeidstimar per semester. 2/3 av arbeidstimane skal gå til treff, medan dei resterande timane kan brukast til eventuelle kurs, førebuingar og evaluering.
Etter fullført arbeidsforhold, vil du få tilsendt attest frå HVL.
Oppstart for hausten 2025 er ca. i studiestartveka (veke 33).
Opplæring vil skje digitalt, i form av e-læringskurs i Canvas. Dette vil studentassistentane få tilgang til før sommaren eller ved tilsetjing. Kurset er obligatorisk.
Søknadsfrist er 17. juni 2025
For å søke fyller du ut dette søknadsskjemaet.
Søknaden blir behandla av administrasjonen ved FHS.
Eventuelle spørsmål om stillinga kan sendast på e-post til Christine Hausken Kjærandsen, chak@hvl.no.
Velkommen som søkar!