Tilrettelegging ved eksamen

Har du spesielle behov ved eksamen, kan du søke om tilrettelegging. Fristen for å søke er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

 Det blir som hovudregel ikkje gjort unntak frå søknadsfristen med mindre behovet for særordning har oppstått etter fristen eller særlege grunnar tilseier det.

Kva tilrettelegging kan du få?

Eksempel på tilrettelegging kan vere:

  • Utvida eksamenstid ved skriftleg skuleeksamen og heimeeksamen
  • Lengre pausar, eventuelt med moglegheit for å kvile
  • Eige eksamenslokale
  • Bruk av datamaskin og andre tekniske hjelpemiddel
  • Skrivehjelp, døvetolk og anna praktisk hjelp
  • Overføring av oppgåve til punktskrift eller forstørra skrift
  • Høgtlesing av oppgåveteksten
  • Fritak for sidemål (lærarutdanning)
  • Å skrive på papir på digital eksamen
  • Studentar som ammar kan søke om tid til å amme i samband med skriftleg skuleeksamen

Tilrettelegging ved digital eksamen

Ved tilrettelagt eksamen med pc og skrivestøtteprogram, får du tilgang til stavekontroll i WISEflow som fungerer på liknande vis som retteprogrammet i Word. Det vil ikkje vere mogleg å bruke hjelpemiddel som Textpilot/Lingdys under digital skuleeksamen i WISEflow.

Dersom du har behov for å bruke Textpilot/Lingdys på eksamen, vil du få ein eigen tilrettelagt pc eller sitte på pc-lab. Du vil sjå i Studentweb kva rom du skal sitte på.

Slik søker du om tilrettelegging

Dokumentasjon som forklarer behovet for tilrettelegging skal leggast ved søknaden. Dersom behovet for tilrettelegging har oppstått etter fristen skal det kome tydeleg fram av dokumentasjonen. 

Meir informasjon om tilrettelegging ved eksamen finn du i  forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 9-13.