Krav til utstyr ved digital skuleeksamen

Til eksamen med bruk av FLOWlock-nettlesar (ingen hjelpemiddel).

Kva typar maskiner kan brukast?

Du skal ha med eiga bærbar datamaskin (pc eller Mac) på eksamensdagen. Det er ikkje lov med nettbrett. Det er ikke mogleg å nytte trådlaus mus eller tastatur, kabla mus eller tastatur er greitt. Du må ta med eigen ladar til pc'en/Macen din.

Du kan kontakte IT-hjelpa og få hjelp til å sjekke at maskina di fungerer som den skal. 

FLOWlock-nettlesar

Før digital skuleeksamen må du ha lasta ned FLOWlock-nettlesaren. Dette gjeld skriftleg skuleeksamen (FLOWlock) og «multiple-choice»- eksamen (FLOWmulti).

Minimumskrav til FLOWlock-nettlesar, Windows

  • Windows 7 eller nyare
  • Siste versjon av Google Chrome, Mozilla Firefox eller Internet Explorer

Minimumskrav til FLOWlock-nettlesar, Mac

Slik lastar du ned FLOWlock

For å kunne starte FLOWlock-nettlesaren frå WISEflow, er det nødvendig at du første gong aksepterer at FLOWlock-nettlesaren kan startast med ein «ekstern protokoll». Du kan huke av at du alltid vil akseptere dette, slik at du ikkje blir spurd kvar gong FLOWlock blir starta.

Lån av pc

Studentar i Bergen

Dersom du ikkje har eigen pc eller Mac som tilfredstiller krava, kan du låne bærbar pc av HVL, campus Bergen. Du søker ved å sende e-post til servicetorget.bergen@hvl.no så tidleg som mogleg, og ikkje seinare enn 7 dagar før eksamen. E-posten skal innehalde emnekode, dato for eksamen, namn og studentnummer.

På eksamensdagen tar du kontakt med ein av eksamensvaktene og får utlevert pc i eksamenslokalet. Du signerer på at du låner pc, og er sjølv ansvarleg for at det blir registrert at du har levert den tilbake.

Studentar i Sogndal

Dersom du ikkje har eigen pc eller Mac som tilfredstiller krava, kan du låne pc av HVL, campus Sogndal. Du søker ved å sende e-post til servicetorget.sogndal@hvl.no så tidleg som mogleg, og ikkje seinare enn sju dagar før eksamen. E-posten skal innehalde emnekode, dato for eksamen, namn og studentnummer. Du vil då få svar på e-post frå Servicetorget om det er ledige pc'ar. 

Dersom du får låne pc, må du møte opp i Servicetorget om morgonen før eksamen. Du signerer då ut ein pc, og er sjølv ansvarleg for at det blir registrert at du har levert den tilbake same dag.