Digital skuleeksamen

Høgskulen på Vestlandet gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow.

Du kan sjå i StudentWeb om eksamenen din er digital. 

Du kan når som helst logge på WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger du vil. Vi anbefaler dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Logg på WISEflow

Eksamen med hjelpemiddel

På skuleeksamenar der du kan bruke hjelpemiddel, vil WISEflow fungere på same måte som ved heimeeksamen.

Skuleeksamen utan hjelpemiddel

På skuleeksamen utan hjelpemiddel lastar du ned ein nettlesar som låser datamaskina di til ein eigen nettlesar kalla FLOWlock. 

Viktig informasjon:

Dersom du skal ha digital skuleeksamen, men ikkje ønskjer å gjennomføre eksamen på pc, må du søke om å få skrive på papir. Send søknad på e-post til studiestaden din, kontaktinformasjon finn du på denne sida.

Tilrettelagt eksamen

Viss du har fått innvilga tilrettelagt eksamen med pc og skrivestøtteprogram, får du tilgang til stavekontroll i WISEflow som fungerer på liknande vis som retteprogrammet i Word. Det vil ikkje vere mogleg å bruke hjelpemiddel som Textpilot/Lingdys under digital skuleeksamen i WISEflow. Dersom du har behov for å bruke Textpilot/Lingdys på eksamen, vil du få ein eigen tilrettelagt pc eller sitte på pc-lab. Du vil sjå i Studentweb kva rom du skal sitte på.

Tilrettelegging ved eksamen