Gjennomføring av skriftleg/digital skuleeksamen

Det er viktig at du les gjennom denne sida før eksamensdagen.

Før eksamen startar

  • Møt opp i eksamenslokalet seinast 15 minutt før eksamensstart.
  • Ved digital skuleeksamen skal du møte seinast 20 minutt før eksamensstart.  Maskina skal vere klargjort og pålogga for digital skuleeksamen 10 minutt før eksamensstart. Du  ha lasta ned og testa ut FLOWlock-nettlesaren før eksamensdagen.
  • For å kunne gå opp til eksamen må du vise fram gyldig studentbevis eller anna gyldig legitimasjon.
  • Jakkar, sekkar, vesker og liknande skal settast på tilvist stad. Mobiltelefon, hovudtelefonar, smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, skal vere avslått og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i lommer eller ved pulten.
  • Ved skriftleg skuleeksamen startar eksamen når eksamensoppgåva er utlevert. Dersom det blir gjennomført kontroll av tillatne hjelpemiddel før oppgåveteksten er utlevert, startar eksamen når du har levert inn hjelpemiddel for kontroll. 
  • Dersom andre hjelpemiddel enn det som er tillate blir funne, vil det bli inndratt og eventuelt bli handtert som fusk eller forsøk på fusk. Du kan på eigen risiko fortsette eksamen og levere eksamenssvaret. Vurdering av eventuell sak om mistanke om fusk/forsøk på fusk, vil bli vurdert i etterkant av eksamen

 Om bruk av hjelpemiddel

Under eksamen

  • Du pliktar å rette deg etter instruksar som blir gitt av hovudvakta i eksamenslokalet.
  • Studentkort eller anna gyldig legitimasjon (med bilde) skal ligge på pulten under heile eksamen.
  • Mat og drikke kan vere på og ved pulten under heile eksamen. Du kan ete og drikke når du sjølv ønskjer det.
  • Du kan ikkje forlate eksamenslokalet før kandidatlista er signert, og tidlegast ein time etter eksamensstart.
  • Du kan ikkje kommunisere med andre studentar under eksamen, hverken personleg eller digitalt.
  • Fagansvarleg kan kontaktast dersom det er noko som er uklart i eksamensoppgåva. Slik kontakt blir formidla gjennom hovudvakta i lokalet.
  • Du kan berre forlate plassen din i følgje med ein eksamensvakt, og etter at papira er tildekka. Du skal ikkje ha tilgang til skriftleg materiale eller elektronisk utstyr under lufteturen.

Ved digital skuleeksamen

  • Ved tekniske problem må du straks tilkalle ein eksamensvakt, teknisk vakt eller eventuelt vente på anna teknisk hjelp. Dersom du ikkje tilkallar eksamensvakt når du oppdagar tekniske problem, kan dette bli handtert som fusk eller forsøk på fusk.
  • Dersom det oppstår tekniske problem før eksamen startar, kan du løyse eksamensoppgåva på papir. Dersom det oppstår tekniske problem under eksamen, kan du løyse eksamensoppgåva vidare på papir. Løyser du eksamensoppgåva på papir, gjeld det som er nemnd i instruksen her for eksamenspapiret.

Eksamenssvaret

  • Det blir utdelt kandidatnummer i eksamenslokalet. Alt innføringspapir må påførast kandidat- og sidenummer. Første og siste ark skal også påførast resterande opplysningar (dato, emnekode, emnenamn, utdanning/ klasse og tal innleverte ark.)
  • Du skal berre bruke papiret som blir utlevert i eksamenslokalet. Anna papir, evt. små notisblokker, er ikkje tillate. Bruk eigne skrivesaker. Eksamenspapir kan delast ut når du har sett deg, men du kan ikkje skrive eller notere noko før starttidspunktet for eksamen.
  • Eksamenssvaret ditt skal skrivast med svart eller blå kulepenn. Det er ikkje tillate med gelpenn, rollerpenn, blyant eller andre skrivereiskap som ikkje gir gjennomslag. Du er sjølv ansvarleg for at kopien er leseleg.
  • Kladdeark kan ikkje leverast inn saman med svaret ditt.
  • Du kan skrive fram til eksamenstida er ute. 

Ved digital skuleeksamen

  • Kandidatnummeret ditt blir automatisk registrert i eksamenssvaret.
  • Du skal skrive direkte i WISEflow. Eksamensoppgåva blir tilgjengeleg i WSEflow ved eksamensstart.
  • Dersom du har behov for å teikne eller skrive delar av svaret ditt på papir, kan du registrere det som ekstramateriale i WISEflow. Det er ditt ansvar å sjå til at dette er lagra i systemet.

Levering av eksamen

  • Ved papireksamen har du 15 minutt etter endt eksamenstid til å ordne/sortere papira før du leverer inn.
  • Ved digital eksamen blir eksamen levert automatisk i WISEflow når tida er ute. Det er ditt ansvar å følgje med på tida. Når eksamenstida er ute, rekkjer du opp handa. Eksamensvakten vil då taste inn eit nytt passord som du treng for å avslutte eksamen. Klikk på "Gå til innlevering" øverst i høgre hjørne, og følg vakten sine instruksar. Etter at innleveringa er fullført, får du opp ei  stadfesting. Når du har fått denne, lukkar du ned FLOWlock-nettlesaren og kan slå av maskina. Svaret ditt vil vere tilgjengelig i deltakararkivet ditt i WISEflow så lenge du er student ved HVL.

Sjuk under eksamen

Dersom du blir sjuk under eksamen, må du melde frå til eksamensvakt før du forlet lokalet. Dersom sjukdomsfråveret skal kunne registrerast som gyldig forfall, må du oppsøke lege umiddelbart etter at du har gått frå eksamenslokalet. Legeattesten må innehalde opplysningar om at den er skrive ut i samband med fråver på ein eksamen ved HVL, og opplyse om sjukdomen oppstod under eksamen.

Du må levere skjema for gyldig fråver og dokumentasjon på sjukdom seinast 3 dagar etter eksamen.