Eksamen i FLOWmulti

Informasjon til deg som skal ha ein eksamen i FLOWmulti

FLOWmulti er ein variant av digital eksamen der du får ulike spørsmålstypar og løyser desse i WISEflow. Det kan til dømes være:

  • Fleirval/multiple choice/MCQ
  • Fyll inn i det blanke feltet (med og uten løysingsforslag)
  • Skriv ein kort definisjon
  • Skriv maksimum 500 ord 
  • Teikn vidare på eit bilete

Du kan bla mellom dei ulike spørsmåla ved å trykke på next.

imagemwlh.png

Du kan trykke på flagget over kalenderikonet for å merke/flagge eit spørsmål som du ønsker å gå tilbake til.

imagetm8k.png

Du kan få oversikt over kva spørsmål som er svart på og kva som ikkje er svart på ved å klikke på kalenderikonet til venstre i skjermbildet.

image3zfzg.png