Hjelpemiddel ved eksamen

Det varierer om du kan bruke hjelpemiddel ved eksamen, og kva hjelpemiddel som er tillatne å bruke.

Bruk av hjelpemiddel

  • Det er oppgitt i emneplanen om det er lov å bruke hjelpemiddel under eksamen, og i tilfelle kva hjelpemiddel. Dette vil også stå på framsida av eksamensoppgåva.
  • Hjelpemiddel er personlege, og kan ikkje delast med medstudentar etter at eksamen er i gang. Er du usikker på om hjelpemiddelet er tillate, må du kontakte emneansvarleg i god tid før eksamensdagen.
  • Dersom lovbøker, ordbøker, tabellar osv. er tillatne som hjelpemiddel, skal desse ikkje innehalde lause ark, notatar osv. Berre understrekingar og markeringar er tillate.
  • heimeeksamen må du sette deg godt inn i informasjon om reglar for sitering og bruk av kjelder. Programvare som gir steg for steg- løysingar er rekna som plagiat.

Kunstig intelligens

Dersom alle hjelpemiddel er tillatt på eksamen, kan du bruke kunstig intelligens (KI) som til dømes ChatGPT.

Hugs at den ikkje er ein kunnskapsdatabase. Hentar du informasjon frå ChatGPT, må du likevel verifisere innhaldet. Du må vise til andre kjelder og oppgi referansar. Du er ansvarleg forfattar. La ikkje tekst gitt av ein språkmodell stå åleine. Dine tekstar må basere seg på dine eigne tankar og refleksjonar. 

Dersom bruk av KI verkar inn på resultatet av funna dine, metode for analyse eller datahandsaming skal du gjere greie for denne bruken i teksten din.

Merk at det kan vere eigne spesifikasjonar i emneplanen til det enkelte emnet. 

Dømet nedanfor viser korleis ein refererer til tekst generert av digitale verktøy i APA7:

  • I teksten: tekst (OpenAI, 2023)
  • I referanselista: OpenAI. (2023). ChatGPT (20. april-versjon) [Stor språkmodell]. https://chat.openai.com

Sjå også retningslinjer for handsaming av fusk ved Høgskulen på Vestlandet

 

HVL ser alvorleg på fusk under eksamen. Det kan få store konsekvensar for deg om du brukar hjelpemiddel som ikkje er tillatne. Dette gjeld sjølv om hjelpemiddelet ikkje er tatt i bruk, eller om det ikkje er til hjelp på den aktuelle eksamenen.

Du finn nærare informasjon i forskrift om studium og eksamen ved HVL og i retningslinjer om fusk.

Krav til utstyr ved digital skuleeksamen. 

Krav til utstyr ved digital heimeeksamen.

Før eksamensstart

På skuleeksamen skal berre lovlege hjelpemiddel ligge på pulten ti minutt før eksamen startar. Hjelpemidla vil bli kontrollert av ein fagleg tilsett. Dersom det blir oppdaga ulovlege hjelpemiddel før eksamen er i gang, vil desse bli inndratt, og levert tilbake etter eksamen.

Du kan ikkje rekne med at HVL har hjelpemiddel eller ekstra batteri/pennar/ladarar til utlån. Kom førebudd!

Bruk av ordbok

Dersom det står i emneplanen at ordbok er eit lovleg hjelpemiddel på eksamen kan du ta det med på eksamen. I nokre emne er ordboka nettbasert og blir gjort tilgjengeleg i eksamenssystemet. 

Studentar med eit anna morsmål enn norsk kan bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring også i emne der det ikkje står i emneplanen. Dei må ein sende melding om dette i søknadsskjemaet for tilrettelegging og feltet "anna tilrettelegging". Eining for eksamen sørgjer då for at eksamensvaktene i lokalet er informert om at dette er godkjent. Ordboka blir kontrollert i eksamenslokalet.

Ikkje alle emne tillet bruk av ordbok under eksamen. Døme på dette er nokre språkeksamenar. Dette vil då stå i emneplanen.

Bruk av kalkulator

Dersom «enkel kalkulator» er tillate som hjelpemiddel, er følgjande modellar godkjente:

  • Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.) 

Du har sjølv ansvar for å skaffe deg ein tillate kalkulatormodell.

Dersom «alle kalkulatormodellar er tillate», gjeld følgande reglar:

  • kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
  • kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnett
  • kalkulatoren må ikkje lage støy

Det er ikkje tillate å ta med rettleiingar, ferdige program eller anna tilleggsutstyr til kalkulatoren. Dersom andre reglar gjeld, skal det stå i emnebeskrivinga.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema