Krav til utstyr ved heimeeksamen

For å gjennomføre ein eksamen heime treng du ei datamaskin (PC, Mac, Google Chrome m.m) med tilgang til internett. Det er viktig at du sjekkar i god tid før eksamen at utstyr og nettverk fungerer som det skal. Sjå informasjon om valg av digitale løysingar

Du loggar deg inn i eksamenssystemet WISEflow via lenke eller skriv inn wiseflow.hvl.no i nettlesaren din. Logg inn med FEIDE og vanleg HVL brukarnamn og passord. 

Ein eksamen du tar heime er ein open eksamen og du skal ikkje låse ned maskina di som du oftast gjer på ein digital skuleeksamen. Vi gjer difor spesielt merksam på at det ikkje er behov for å laste ned FLOWlock-nettlesaren når du skal gjennomføre eksamen heime. Du vil ha tilgang til internett og alt du har på maskina di under eksamen. 

I mange emne må du skrive eksamensvaret i Word eller eit anna teksthandsamingsprogram. Som student ved HVL kan du laste ned alle programma i Office365.  

Mange heimeeksamenar (FLOWassign) krev at du lastar opp oppgåva di som ei PDF-fil. Du finn rettleiing her som viser korleis du lagar PDF-filer frå Word-dokument. Du kan laste opp evt. andre filer som ekstramateriale.

På andre eksamenar (FLOWhandin) kan du laste opp alle typar filer og det er ikkje krav om PDF. 

I nokre emne brukar du program i undervisninga som det også kan vere krav om å bruke på eksamen. Døme på slike program finn du her og dersom du skal bruke desse programma har du fått informasjon frå faglærar om dette tidlegare.

I nokre emne, t.d. realfag, er det naturleg å skrive delar av oppgåva på papir. Du kan ta bilete med telefonen din, men pass på at kvaliteten er god slik at sensor lett kan lese det du har skrive. Bileta kan du sende til eposten din og legge inn i eit Word-dokument som du lagrar som PDF. Du kan også scanne filene inn. Vi tilrår at du brukar t.d. Office Lens eller Genius Scan til dette. Det kan også vere lurt å ta vare på papira dine ei stund slik at sensor kan få ein betre kopi ved behov. 

På fleirvalsprøvar (FLOWmulti) kan du av og til oppleve at internettet "heng" og at du ikkje kjem vidare. Då kan det hjelpe å lukke prøven og starte på nytt. Det du har registrert blir lagra kontinuerleg.