Programvare

Kiosken - studenter

Kiosken

På Kiosken.hvl.no finn du som student programvare til bruk i undervisning og læring, i tillegg til programvare du nyttar i kvardagen. Her kan du sjå om du må laste ned programvara eller kan nytte ho i nettlesaren. Kiosken vil og fortelje deg om det er programvare som er lisensiert eller fri for alle.

Firmaportalen - Ansatt

Gjennom firmaportalen finn du mange program du kan installere sjølv. Det inneheld programvare for ulike oppgåver, ikkje berre faglege. Det inneheld også gode gratisprogram.

Du får tilgang til firmaportalen ved å trykke på startmenyen og deretter søke etter "firmaportal", og deretter velje «firmaportal». Herfrå kan du velje dei programma du vil installere. Trykk på programmet, og deretter vel du «Installer».

Program som ikkje ligg i firmaportalen

Skal du installere program som ikkje ligg i firmaportalen, må du ta kontakt med oss på IT for å få det installert.

For at dette skal gå raskest mogleg, er det viktig at du lastar ned installasjonsfila på førehand.