Studierett

Når du får opptak til eit studieprogram, får du studierett for den normerte studietida for programmet. Normert studietid for til dømes eit heiltids bachelorstudium er 3 år.

Dersom du av ulike grunnar treng lenger tid til å fullføre studiet ditt, kan du etter avtale justere utdanningsplanen din og bruke lenger tid på studiet ditt, innanfor rammer definert i forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Studieretten din fell automatisk vekk når tida for tildelt/avtalt studierett er ute, eller du har fullført studieprogrammet. Merk at viss du ikkje følgjer normert progresjon for studieprogrammet, må du rekne med å følgje den studieplanen som gjeld til ei kvar tid, og dei eksamensordningane som går fram av denne. 

Ta kontakt med studiekonsulent eller karriererettleiar for å få justert utdanningsplanen din. Her finn du kontaktinfo for studierettleiing på din campus.

Særlege reglar om studierett 2019/2020

Fekk du varsel hausten 2019 om at du kunne miste studieretten grunna manglande studiepoengproduksjon i to semester? Grunna koronasituasjonen vil du ikkje tape studieretten på grunnlag av manglande produksjon av studiepoeng våren 2020. Merk at du må produsere studiepoeng hausten 2020 for å behalde studieretten.

Brukte du opp utvida tid utover normert studietid våren 2020, kan du søke om få innvilga utvida studierett med eitt semester. Send søknaden til post@hvl.no eller Høgskulen på Vestlandet, postboks 7030, 5020 Bergen.

Sjå vedtaket om desse endringane.

Poststudierett

Når du har fullført eit studieprogram, har du rett til poststudierett i inntil to påfølgande semester etter fullføring.

I perioden med poststudierett kan du forbetre karakter på individuell eksamen i emne der dette er mogleg. Om karakterane dine blir forbetra, blir dei dokumenterte med karakterutskrift, ikkje med nytt vitnemål.

Du må søke om poststudierett, og søknadsfristen er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. Søkaden sender du på e-post til fakultetet ditt.