Opptak til HVL
Lurer du på noko om å søke opptak til høgare utdanning? Her finn du informasjon om søking og opptak til HVL.
Ofte stilte spørsmål om opptak
Kva skal du søke?
Generell informasjon om søking
Har du fått studieplass?
Regelverk
Noko om opptak du ikkje fann svaret på?
Ønsker du rettleiing?
Når kan du få rettleiing? Vi tilbyr ikkje rettleiing nå i opptaksperioda. Viss du er usikker på om du dekker opptakskravet, kan du søke på studiet og du vil få ei vurdering. Du kan bestille rettleiing i perioden 1. september-1. februar.
Opptakskontoret tilbyr rettleiing om du er usikker på noko som gjeld søking og opptak. Vi tilbyr både digital og fysisk rettleiing. Du kan også få rettleiing på e-post.
Kva kan opptakskontoret hjelpe med:
- Korleis dekke opptakskrav
- Vurdering av dokumentasjon
- Korleis oppnå generell studiekompetanse
- Korleis rekne ut poengsum
Lurer du på noko om oppbygging av eit studium, innpass av emne eller tilrettelegging, ta kontakt med studierettleiar på det aktuelle fakultetet.