Privatist

Ein privatist er ein person som får gå opp til eksamen i eit eller fleire emne (fag) utan å vere tatt opp som student ved det aktuelle studiet.

Emne du kan ta som privatist

Det går fram av emneomtalen om eit emne er ope for privatistar. Oversyn over emne finn du i emneoversikten for det aktuelle studieprogrammet. Sjå oversyn over alle emne ved høgskulen. 

For å kunne ta eksamen i eit emne som privatist, må du dekke opptakskravet til studieprogrammet som emnet høyrer til under. 

Privatistar kan berre ta eksamen i emne

  • som ikkje har obligatoriske læringsaktivitetar eller dersom ein har bestått gjeldande læringsaktivitetar i emnet ved HVL tidlegare
  • i studieprogram som ikkje har progresjonskrav
  • der ein oppfyller forkunnskapskrav i emnet og kan dokumentere dette

Som privatist har du ingen rettar knytt til undervisning og rettleiing, men kan møte på opne forelesingar. 

Ein må ta eksamen på campusen emnet blir tilbydd ved.

Oppmelding

Ønskjer du å ta fag som privatist, må du søke innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Søknadsweb opnar for å registrere seg frå 1. mai og 1. november. 

Du søker via Søknadsweb. 

Når du søker vel du fakultet og kva for ein campus emnet blir tilbydd på, deretter må du skrive i merknadsfeltet kva for eit emne du ønskjer å ta som privatist. 

Søknaden din må vere komplett ved søknadsfrist for å bli behandla. 

Dokumentasjon på studiekompetanse frå vidaregåande skule og eventuelle forkunnskapskrav må leverast saman med søknaden dersom du ikkje har vore student eller privatist ved Høgskulen på Vestlandet før.

Vederlag

For å halde eksamen krev HVL følgjande vederlag pr. privatist:

  • For eksamen i emne opp til og med 10 studiepoeng: kr 3000
  • For eksamen i emne over 10 studiepoeng og opp til og med 15 studiepoeng: kr 4000
  • For eksamen i emne over 15 studiepoeng: kr 5000

Vederlaget må være betalt innan fristen for oppmelding til eksamen i emnet som er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. 

Ein må også betale semesteravgift i samsvar med Forskrift for studentsamskipnader §17.

Ved nytt eksamensforsøk som følgje av stryk eller ugyldig fråvær må ein betale nytt vederlag.

Ved nytt eksamensforsøk som følgje av gyldig fråværsgrunn skal ein betale vederlag på kr 1000.