Opptak til årsstudium, bachelor-, og integrert femårig masterprogram

Her finn du utfyllande informasjon om søking og opptak til våre grunnutdanningar.

Slik søker du

Du søker opptak til dei fleste av våre årsstudium, bachelor- og integrerte masterutdanningar via Samordna opptak. Viktige datoar i opptaker er:

1. februar: Samordna opptak opnar
1. mars: Søknadsfrist for særskilt vurdering, realkompetanse, eller tidleg opptak
20. april kl. 14:00 (gjeld 2022): Søknadsfrist i Samordna opptak

Sjå fleire viktige datoar og fristar her.

Enkelte studieprogram søker du på i vår lokale Søknadsweb. Bruk gjerne «søk studieplass»-knappen på nettsida til studieprogrammet, så kjem du til rett søknadsportal.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse er det formelle opptakskravet til høgare utdanning. Nokre studieprogram har spesielle opptakskrav som kjem i tillegg. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til studieprogrammet. Det fins fleire vegar til generell studiekompetanse. Sjå Samordna opptak sine nettsider for info om:

Generell studiekompetanse Spesielle opptakskrav

 

Nyttig informasjon

Poenggrense og poengutrekning

Poenggrensa seier noko om kor vanskeleg det er å få plass på eit studieprogram. Grensa blir ikkje satt på førehand, og kan variere frå år til år ut. Du finn poenggrensene frå førre opptak på studieprogramsida for studiet. Sjå tidlegare år her.

Poengutrekninga tar utgangspunkt i karakterar frå vidaregåande skule. Sjå info om korleis vi reknar du din poengsum her.

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Du må dokumentere at du møter det fulle opptakskravet til utdanninga du søker på. Sjå Samordna opptak for info om opplastingsfrist, kva som er gyldig dokumentasjon, og meir.

Realkompetanse

Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, men har relevant erfaring innan fagfeltet du ønsker å studere, kan du søke opptak på bakgrunn av  realkompetanse. Frist for å søke med realkompetanse er 1. mars. Du må fylle minst 25 år det året du søker. 

Utdanning frå utlandet

Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse. Det inkluderer norsk- og engelskunnskapar på nivå med godkjent nivå. Les meir om korleis du søker med utdanning frå utlandet hos Samordna opptak.

Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan dokumentasjonsfristen.

Problem ved søknad

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Problem med innlogging

Trykk på "Logg inn" på Samordna opptak og logg inn med elektronisk ID. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Dersom du ikkje får registrert søkanden og fristen går ut same dag, må du kontakte Samordna opptak så snart som mogleg, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

Spørsmål og svar

Har du spørsmål om opptak, poengutrekning, tilbod, svarreglar og meir, finn du svar på dette og meir hos Samordna opptak

 

Studiespesifikk info

Desentralisert sjukepleie

Sjå informasjon om studieprogrammet og dei fulle opptakskrava på nettsida til studiet.

Presisering av krava

Relevant yrkeserfaring: Du må dokumentere minst to år relevant yrkesfaring innan helsefagleg arbeid, slik som hjelpepleiar, pleiemedhjelpar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Deltidsarbeid blir rekna om til heiltid, for eksempel vil 24 mnd i 50% stilling telle som 12 mnd heiltid. Noverande stilling kan reknast fram i tid, til 1. august den hausten studiet har oppstart, ut frå stillingsprosent angitt i attest.

Krav om tilsetting: Du må dokumentere at du er tilsett i helsefagleg stilling i ein kommune eller helseforetak i løpet av studietida, med geografisk tilknytning til studiestad. Stillingsprosent skal vere minst 10% og ikkje meir enn 50%. Info om geografisk tilknytning, samt skjema for dokumentasjon finn du på studieprogramsida

Tar du fag denne våren?

Dersom du tar opp fag eller tar nye fag i VGS i løpet av våren du søker ropptak, er siste frist for å ettersende dokumentasjon på nye karakterar 1. juli.

Du må skrive i merknadsfeltet i søknaden og utdanning / fag du tar i vår. 

Du må dokumentere utdanninga du har tatt til no, med vitnemål eller kompetansebevis. Utskrift eller skjermdump frå privatistweb er ikkje godkjent dokumentasjon. 

Rangering

Søkarar vert rangert etter regelverk fastsatt i Forskrift om opptak til høgre utdanning, § 7-1, og 7-4 til og med 7-12.

Kvote for førstegangsvitnemål vert ikkje nytta, jfr. utfyllande reglar i rundskriv F-03-21 under "Kommentarar til § 7-2".

Alderspoeng vert gitt frå og med fylte 24 år, jfr. utfyllande reglar under "Kommentarar til § 7-10" i same rundskriv. 


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00