Realkompetanse

Forskrift om opptak opnar for at personar utan generell studiekompetanse kan få opptak til studium ved Høgskulen på Vestlandet.

Generelt er realkompetanse ei unntaksordning for deg som er 25 år eller eldre i søknadsåret, og som ikkje har generell studiekompetanse, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-1.

Du kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har opptakskrav om eit bestemt minimumstal på skulepoeng, slik som til dømes grunnskulelærar- og faglærarutdanningane.

Dersom studiet har spesielle opptakskrav må desse krava bli dekt, også av deg som søkjer på bakgrunn av realkompetanse.

Kriterium

Generelle kriterium

Har du praksis og/eller utdanning som kan kompensere for opptakskravet til eit studium, kan du søke opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er definert som dei samla kunnskapar du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på anna måte. 

Opptak med grunnlag i realkompetanse gjeld vurdering av din realkompetanse for eit bestemt studium ved Høgskulen på Vestlandet. Realkompetansen må vere relevant for det studiet du søker om opptak til, og må gi deg dei nødvendige faglege føresetnadane for å gjennomføre det aktuelle studiet.

Når du søker gjer vi ei individuell vurdering av dine kvalifikasjonar til det spesifikke studiet du søker om opptak til. For å få tilbod om studieplass må du dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som andre søkarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar.

Høgskulen kan i særlege tilfelle be deg stille på intervju for å kunne vurdere kvalifikasjonane dine.

Har du utdanning frå land utanfor Norden må du fylle norskkravet for opptak, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2.

Kriterium for godkjenning av realkompetanse

For studium med opptakskrav generell studiekompetanse:

  • Du må vere 25 år eller eldre i søknadsåret
  • Du manglar generell studiekompetanse
  • Du må dekke spesielle opptakskrav
  • Du må ha minst 5 års fulltids arbeidserfaring som er relevant for studiet du søker opptak til. Deltid blir rekna om til heiltid. Inntil 2 av dei 5 åra kan bli erstatta av lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
  • Du må ha nødvendige kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk blir særleg vektlagt.
  • Har du morsmål frå land utanfor Norden må du dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit blir gjennomført på engelsk eller for søkarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land.
  • Du må skrive eit motivasjonsbrev der du gjer greie for din motivasjon, di forventning til studiet, og gi ei eigenvurdering av kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet.

Rangering

Som realkompetansesøkarar blir du vurdert utifrå ei skjønnsmessig vurdering. For å få opptak er det krav om likeverdige ferdigheiter med søkarar som får tilbod om opptak etter ordinære rangeringsreglar.

I vurderinga blir følgjande vektlagt:

  • Omfang og relevans av dokumentert relevant praksis i forhold til den utdanninga du søker om opptak til.
  • Karakterar i norsk, engelsk, matematikk, studiekompetansefag, andre enkeltfag der dette er eit krav og relevant utdanning.
  • Motivasjonsbrev

Dokumentasjon

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstørrelse og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta
  • Motivasjonsbrev