Dokumentasjon

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for studiet du har søkt på. Her finn du informasjon om kva som er gyldig dokumentasjon på ulike opptakskrav.

Kva må eg dokumentere?

Du må dokumentere at du møter samtlege opptakskrav for studieprogrammet du søker opptak til. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til det aktuelle studieprogrammet.

Du skal ikkje dokumentere anna enn det som inngår i opptakskravet, og eventuelle tilleggspoeng. Dokument som inneheld fleire sider, skal lastast opp som ei samla fil.

Samordna opptak

Har du søkt gjennom Samordna opptak, eller eit studieprogram med generell studiekompetanse som opptakskrav, finn du full utfyllande informasjon om gyldig dokumentasjon hos Samordna opptak.

Lokalt opptak

Har du søkt opptak i vår lokale Søknadsweb, skal alle opptakskrav dokumenterast i denne søknadsportalen. Dokumentasjonsfristen er som hovudregel same dato som søknadsfrist. 

Opplasting og elektroniske resultat

Elektroniske resultat

Du kan sjå kva elektroniske resultat som er synlege i søknaden din under «eksterne resultat». Vi har tilgang på resultat frå HVL sjølv om desse ikkje er synlege her. For å sjå resultata dine frå HVL, kan du logge inn i Studentweb eller Vitnemålsportalen.

Finn du ikkje utdanninga di i elektroniske resultat, du laste opp bilete / skann av papirvitnemål. Du må ta med alle sidene, inkludert karakterutskrift.

Opplasting av dokument

Du må ha sendt inn søknaden for å kunne laste opp dokument. Du kan laste opp i steg 3 i søknadsprosessen, eller logge deg inn i etterkant og gå til fana «mine dokument».

All dokumentasjon skal lastast opp i søknaden. Dokument somt blir sendt på e-post blir ikkje behandla.

Du får kvittering på e-post når du har lasta opp noko i Søknadsweb. Du er sjølv ansvarleg for å dokumentere at du møter opptakskrava, og at all innsendt dokumentasjonen er rett. 

Utdanning

Høgare utdanning dokumenterer du med vitnemål eller elektroniske resultat. Du kan sjå kva elektroniske resultat som er synlege i søknaden din under «eksterne resultat». Vi har tilgang på resultat frå HVL sjølv om desse ikkje er synlege her. Finn du ikkje utdanninga di her, må du laste opp vitnemål. 

Dersom du fullfører utdanning det semesteret du søker opptak, må du dokumentere beståtte fag til no, og skive i merknadsfeltet kva utdanning du skal fullføre.

Utdanning frå vidaregåande skule dokumenterer du som med vitnemål eller kompetansebevis. Sjå Samordna opptak for utfyllande informasjon.

Praksis

Opptakskrav om praksis (relevant arbeidserfaring) dokumenterer du med attest eller tenestebevis i .pdf-format, eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (f.eks. word) blir ikkje godkjent.

Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar, og må innehalde

  • Stillingstittel
  • Omfang (stillingsprosent eller timar jobba)
  • Start- og sluttdato
  • Stempel eller logo

For at ekstra vakter / timar skal gje uttelling, må timetal per måned eller år kome fram i attesten.

Dersom du har yrkespraksis som sjølvstendig næringsdrivande, skal dette dokumenterast med attest på registrert foretak frå Brønnøysundregisteret, saman med noko som kan dokumentere omfang av arbeid - eksempelvis kontraktar, fakturaer, eller skattemelding. 

 

 

Dokumentasjon frå utlandet

Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste.

Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse, innan søknadsfrist.

Kontroll av dokumentasjon

All dokumentasjon blir kontrollert av opptakskontoret. I tvilstilfelle kan du bli bedt om å vise fram originalar.

Ved studiestart blir 10 % av eit tilfeldig utval studentar bedt om å vise fram originale vitnemål og attestar. Uriktige eller misvisande opplysningar kan føre til at du mister retten til å fullføre eit studium.

Falsk dokumentasjon blir ramma av straffelova § 166 og § 182, og blir alltid politianmeldt.

 

 


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00