Opptak til PPU

Ønsker du undervisingskompetanse i faget ditt, kan du søke opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Her finn du utfyllande informasjon om søknadsprosess og opptakskrav.

Slik søker du

Du søker opptak i vår lokale Søknadsweb. Vi tilbyr PPU ved tre campus og innan fleire fagprofilar. Pass derfor på at du søker på rett alternativ. Du kan ikkje endre eller omprioritere søknadsalternativ etter søknadsfristen er gått ut. Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
1. mars: Søknadsfrist for PPU for yrkesfag
20. april (gjeld 2022): Søknadsfrist PPU for allmenne fag
1. juni: Svar på søknad blir sendt ut

Sjå fleire viktige datoar og fristar her.

Opptakskrav

Ved opptak til PPU skil vi mellom PPU for allmenne fag (PPU-A) og for yrkesfag (PPU-Y).

Allmenne fag

Ved PPU-A skil vi mellom allmenndidaktiske og praktisk-estetiske fagprofilar. Allmenndidaktiske profilar er dei ordinære klasseromsfaga som norsk, matematikk og naturfag. Dei praktisk-estetiske profilane er kroppsøving, kunst og håndverk, musikk, dans, og drama.

Allmenndidaktiske profilar

For opptak til allmenndidaktiske profilar må du møte dette kravet:

  • Mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, der fordjupinga må vere på minimum 60 studiepoeng.

Det er ikkje krav om at undervisingsfaget du søker opptak til, inngår i sjølve mastergraden. Du kan eksempelvis ha master i nordisk, og eit årsstudium i samfunnsfag, og søke opptak til PPU-A samfunnsfag.

Praktisk-estetiske profilar

For opptak til praktisk-estetiske profilar kan ein kvalifisere på tre ulike vis. Du må møte eitt av følgande krav:

  • Mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, der fordjupinga må vere på minimum 60 studiepoeng.
  • Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 sp i kunstfaget.
  • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast av drama-/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 sp i eitt fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 sp. Det blir stilt krav om gjennomsnittskarakter C (30 karakterpoeng) eller betre frå bachelorgraden.

Presisering av krava

Bachelorgraden i 3. kulepunkt må bestå av utelukkande praktisk-estetiske fag. Støttefag i eksempelvis norsk eller økonomi osv. blir ikkje godkjent.

Søkarar med bachelorgrad i praktiske-estetiske fag (tredje kulepunkt) kan kvalifisere for siste gang til praktisk-pedagogisk utdanning med oppstart våren 2025. Frå og med hausten 2025 må alle som startar på PPU-A oppfylle krav om mastergrad eller bachelor i utøvande / skapande kunstfag.

Opptakskrava er regulert §2-5 i Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet.

Masterkrav
Masterutdanninga må vere fullført og bestått. Du kan få tilbod på vilkår dersom du fullfører utdanninga det semesteret du søker opptak.

Fordjupingskrav
For å kvalifisere for opptak må du har relevant fordjuping for fagprofilen du søker opptak til. Les meir om fordjupingskrava her.

Realkompetanse
Etter kapittel 3 i Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet kan ikkje søkarar til PPU-A få realkompetansevurdering.

Yrkesfag

Ein kan kvalifisere for PPU-Y med bakgrunn i anten fag/sveinebrev, eller profesjonsretta bachelorgrad.

Fag/sveinebrev

Med bakgrunn i fagbrev, må du møte følgande krav:

  • Fagbrev/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå
  • Generell studiekompetanse
  • To år yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skulenivå
  • Fire år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserer for undervisning i fag som HVL tilbyr yrkesdidaktikk i

Det er kun mogleg å kvalifisere med bakgrunn i treårig yrkedutdanning (yrkeskompetanse) frå utdanningløp som fører til dette og ikkje fag/sveinebrev. Sjå kva yrke det gjeld her.

Profesjonsretta bachelorgrad

Med bakgrunn i bachelor må du møte følgande krav:

  • Profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning med eit omfang på minimum 180 studiepoeng eller tilsvarande
  • To år fulltids yrkespraksis, som kvalifiserer for undervisning i fag som HVL tilbyr yrkesdidaktikk i

​Presisering av krava

Utdanning og yrkespraksis må vere innanfor same fagområde.

Opptakskrava er regulert §2-5 i Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet.

Yrkesteoretisk utdanning
Yrkesteori er ei fagleg fordjuping som er relevant for fag/sveinebrevet ditt, tatt på eit høgare nivå enn VGS. Det kan eksempelvis vere relevant fagskule- eller høgare utdanning. Mesterbrev blir godkjent som eitt år yrkesteori. Deltidsutdanning blir rekna om til heiltid. To år tilsvarar 120 studiepoeng.

Yrkespraksis
Yrkespraksis er relevant arbeidserfaring innan yrket du er utdanna til. Praksis blir rekna frå den dagen du har fullført og bestått fagprøve eller profesjonsretta bachelorgrad. Arbeid som lærar/lærarvikar gir ikkje uttelling mot kravet. Deltidsarbeid blir rekna om til heiltid, for eksempel vil 24 mnd i 50% stilling telle som 12 mnd heiltid.

Fordjupingskrav
Du må relevant utdanning og yrkespraksis for fagprofilen du søker opptak til. Les meir om fordjupingskravet her.

Realkompetanse
Etter § 3-3 i Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet, kan søkarar til PPU-Y med bakgrunn i fag/sveinebrev få realkompetansevurdering for eitt av følgande delkrav:

  • generell studiekompetanse, eller
  • eitt år med yrkesteorisk utdanning.

For å bli realkometansevurdert må ein ha lang yrkespraksis utover minstekravet på 4 år, og møte alle andre krav. Søkarar med bakgrunn i profesjonsretta bachelorgrad kan ikkje bli realkompetansevurdert.

Nyttig informasjon

Poenggrense og poengutrekning

Poenggrensa seier noko om kor vanskeleg det er å få plass på eit studieprogram. Grensa blir ikkje satt på førehand, og kan variere frå år til år ut. Du finn poenggrensene frå forrige opptak på nettsida til studieprogrammet. Eldre poenggrenser finn du her:

Sjå tidlegare poenggrenser

 

Poengutrekninga tar utgangspunkt i karakterar frå opptaksgrunnlaget. Ved PPU-A er dette master/bachelorgrad. PPU-Y er dette yrkesteori eller den profesjonsretta bachelorgraden.

Du kan og få tilleggspoeng. Sjå utfyllande info om korleis vi reknar du din poengsum ved opptak til PPU her:

Sjå poengutrekning for PPU

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. I søknaden må du dokumentere at du møter det fulle opptakskravet ved utdanninga. Mykje kan dokumenterast digitalt.

Sjå meir om kva som er gyldig dokumentasjon for ulike krav, og korleis du lastar dette opp i søknaden:

Meir om dokumentasjon

Tilbod på vilkår

Fullfører du utdanning etter søknadsfristen går ut, må du fortsatt søke om studieplass innan ordinær frist. Då konkurrerer du med karakterane du allereie har fått. Svar på opptaket kan bli sendt ut før du har fått vitnemålet ditt. Då kan du få tilbod på vilkår.

Når du søker
Når du søker opptak må du skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du held på med, og når du fullfører denne.

Etter du har fått tilbod
Dei konkrete vilkåra vil stå i tilbodsbrevet ditt. Du har ansvar for å dokumentere at vilkåra er møtt innan fristen som er gitt. Dette gjer du ved å sjekke om digitale resultat er tilgjengeleg i søknaden din – viss ikkje må du laste opp dokument i søknadsweb. Krav til gyldig dokumentasjon finn du her.

Utdanning frå utlandet

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Masterkrav
Masterutdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase. Masterutdanning som ikkje blir godkjent av NOKUT blir derfor heller ikkje godkjent ved opptak til PPU-A ved HVL.

Språkkrav

Du må dokumentere at du har norsk- og engelskunnskapar på nivå med generell studiekompetanse. Les meir om regelverk for søkere med utenlandsk utdanning.

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

Problem med søknad

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Svarreglar

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

 


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00