Mannlig student smiler inn i kamera

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) | Master med integrert PPU

Master

Har du ein bachelor og ønsker å ta lærarutdanning for å bli lektor? No kan du ta ein integrert master med PPU inkludert – tilpassa deg som er i jobb.

Stord, Sogndal, Bergen (samlingsbasert og nettstøtta)

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Samfunnsfag og KRLE: Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping i samfunnsfag, historie eller religion

    Matematikk og naturfag: Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping i matematikk eller naturfag

     

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor velje ein master med integrert PPU?

    I 2019 kom kravet om mastergrad for lærarar. Samstundes er behovet for fleire lærarar stort. No kan du ta ein integrert master med PPU inkludert. 

    Masteren gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke, med god startløn. Som lærar får du ein meiningsfull, variert og sosial arbeidskvardag, der du får brukt mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spanande fagområde. Ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

    Studiet er samlingsbasert og nettstøtta, og om du arbeider i skulen, kan ein av praksisperiodane føregå på eigen arbeidsplass. 

    Korleis er studiet bygd opp?

    Studiet gir deg mogelegheit til å ta master i didaksiske praksisar og PPU i same løp. PPU-delen vel du om du vil ta på campus Stord eller i Sogndal.

    På masterdelen av studiet vil det variere om samlingane vert på campus Bergen, Stord eller Sogndal. Du vil få meir informasjon ved studiestart.

    Målgruppe

    Dette studiet er for deg som ønsker å ta PPU integrert i eit masterstudium. Hausten 2024 tek vi opp studentar som har ein bachelorgrad innan:

    • samfunnsfag, religion eller historie
    • matematikk eller naturfag

    Gjennom Utdanningsdirektoratet kan skuleeigar søke om utdannings- og rekrutteringsstipend. Les meir om ordninga her.

    Praktisk informasjon

    Samlingsbasert og nettstøtta

    Master med integrert PPU er eit samlingsbasert og nettstøtta studium. Dette betyr at studiet kombinerer fysiske samlingar (ein del av desse vil ha krav om fysisk oppmøte og deltaking), digital undervisning og obligatoriske læringsaktivitetar.

    Studiet kan takast på heiltid, eller på deltid i kombinasjon med jobb.

    Nærare skildring av innhald i kvart emne, finn du i emneplanane.

    Studieløpet

    År 1:

    • Leiing av læreprosesar (PPUA305)
    • Praksis 1 (PPUA307) - 30 dagar praksis

    Samfunnsfag, religion eller historie:

    • Minnekultur: politikk, kritikk og didaktikk (MDIP502C)
    • Globalisering og utdanning (MDIP501C)

    Matematikk eller naturfag:

    • Matematikk og naturfag som allmenndannande fag (MDIP502G)
    • Matematikk- og naturfagdidaktikk i praksisfeltet (MDIP501G)

    År 2:

    • Skulen i samfunnet (PPUA306)
    • Praksis 2 (PPUA308) - 30 dagar praksis
    • Vitskapsteori og metode (MDIP504)
    • Didaktiske praksisar (MDIP503)

    År 3:

    • Utdanningsforsking i praksis (MDIP505)
    • Masteroppgåve (MDIP550)

    Samlingar samfunnsfag, religion eller historie

    Samlingar for samfunnsfag, religion eller historie er i Bergen, og blir følgande datoar:

    Haust 2024:

    Digitalt infomøte: 23. august

    Fysisk samling 1: 28. -30. august

    Fysisk samling 2: 25.-27. september

    Digital samling: 21. og 22. oktober

    Vår 2025:

    Datoar kjem

    Samlingar i emnet PPUA, der du vel mellom campus Stord eller Sogndal:

    Haust 2024:

    4.- 6. september 2024

    16.-18. oktober 2024

    Vår 2025:

    15.- 17. januar 2025

    5.- 7. mars 2025

    Samlingar matematikk eller naturfag

    Samlingar for matematikk eller naturfag blir følgande datoar:

    Hausten 2024:

    Veke 35: 28. til 30.august, Bergen

    Veke 44: 30.oktober til 1. november, Stord

    Våren 2025:

    Veke 4: 22. til 24.januar, Bergen

    Veke 14: 2. til 4.april, Stord

    Samlingar i emnet PPUA, der du vel mellom campus Stord eller Sogndal:

    Haust 2024:

    4.- 6. september 2024

    16.-18. oktober 2024

    Vår 2025:

    15.- 17. januar 2025

    5.- 7. mars 2025

    Praksis

    Studiet består av 60 dagar praksis som del av PPU-A. 30 dagar første studieår og 30 dager andre studieår. Du finn meir informasjon om praksis på praksissidene til PPU.

    Kva kan du jobbe med?

    Med ein integrert master i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du lektorkompetanse og  kan du søke på nye jobbar som lærar - eller du kan kome tilbake til jobben din som lærar, med auka fagleg kompetanse.

    Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis, og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.