Reservere studieplass

Ved innkalling til militærteneste, graviditet eller andre tungtvegande grunnar, kan du reservere studieplassen din til neste år.

For å reservere studieplassen du har fått, må du sende ein søknad. I søknaden må du legge ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette er til dømes tenesteinnkalling eller legeattest.

Vilkår for søknad (Nynorsk):

Du kan søke om å få reservert studieplassen din opptil to år, ved innkalling til militærsteneste, fødsel/adopsjon eller andre tungtvegande grunnar. Vi gjer oppmerksam på at jobb eller annan studieplass ikkje regnast som ein tungtvegande grunn.

For å kunne søke om reservasjon av studieplass, må du

  • dokumentere grunnane dine med kopi av tenesteinnkalling, legeattest eller liknande
  • søke innan tre veker etter at du fekk tilbod om studieplass
  • svare JA til studieplassen innan svarfristen

Dersom du har fått opptak på vilkår eller studieplass frå ledige studieplassar, kan du ikkje søke om reservert studieplass.

Vilkår for søknad (Bokmål):

Du kan søke om å få reservert studieplassen din i opptil to år, ved innkalling til militærtjeneste, fødsel/adopsjon eller andre tungtveiende grunner. Vi gjør oppmerksom på at jobb eller annen studieplass ikke regnes som en tungtveiende grunn.

For å kunne søke om reservasjon av studieplass, må du

  • dokumentere grunnene dine med kopi av tjenesteinnkalling, legeattest eller lignende
  • søke innen tre uker etter at du mottok tilbud om studieplass
  • svare JA til studieplassen innen svarfristen

Dersom du har fått opptak på vilkår eller studieplass fra ledige studieplasser, kan du ikke søke om reservert studieplass.

Handsaming av personopplysningar som er henta inn for administrative formål ved HVL, skjer i samsvar med føresegnene i personvernforordninga .

Søknadsskjema

Klokke som går og går Vent litt...


Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Opptakskontoret

Alternativt søknadsskjema (Word)

Her kan du laste ned Word-fil som du fyller ut og sender inn. Dette er eit alternativ til det digitale skjemaet vi helst ynskjer at du nyttar. Alternativet blir fjerna om kort tid.