Opptak til masterutdanning

Ønsker du meir fagleg fordjuping, kan du søke opptak til masterutdanning. Her finn du utfyllande informasjon om søknadsprosess og opptakskrav.

Slik søker du

Du søker opptak til masterstudium i vår lokale Søknadsweb. Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
1. mars: Søknadsfrist for masterstudium innan helse- og sosialvitskap, og masterstudium med opptakskrav om praksis
20. april (gjeld 2022): Søknadsfrist for masterstudium utan krav om praksis

Sjå fleire viktige datoar og fristar her.

Dersom du skal ta ein femårig integrert master, for eksempel grunnskulelærarutdanning, søker du i Samordna opptak. Bruk gjerne «søk studieplass»-knappen på nettsida til utdanninga du vil søke på, så kjem du til rett søknadsportal.

Opptakskrav

Du må ha bestått bachelorgrad. Fleire studieprogram har spesifikke opptakskrav i tillegg, som gjeld fagområde, fordjupingskrav, karakterkrav eller praksiskrav. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til det aktuelle studieprogrammet.

C-krav

Nokre utdanningar har krav om C i snittkarakter. For masterprogram med C-krav, må du ha minst 25,00 karakterpoeng for å møte kravet ved HVL. 

Det vil stå i opptakskravet om C-kravet gjeld for heile bachelorgraden (opptaksgrunnlaget), eller kun fordjupingsfaga.

Emne som kun er "bestått", og karakterar som ikkje er ein del av graden, blir ikkje teke med i berekninga. Karakterar frå utveksling blir teke med om dei tilsvarar 30 studiepoeng eller meir, og det finst ein omrekningstabell.

Gå til utfyllande info om korleis du rekner ut poeng.

Praksiskrav

Ved nokre studieprogram er det krav om relevant praksis. Dette vil stå i opptakskravet. Det vil og stå kva type praksis og kor lang erfaring som er krevd.

Praksis må relevant for utdanninga du søker, og vere gjennomført etter fullført bachelorgrad. Praksis vert rekna frå datoen som står på vitnemålet for bachelorgraden.

Eitt år praksis tilsvarar 12 mnd i heiltidsstilling. Deltid blir rekna om til heiltid, eksempelvis vil to år i 50% stilling telle som eitt år i 100%.

Noverande stilling utan sluttdato blir rekna fram i tid basert på stillingsprosent i attesten, dersom attest er skrive det semesteret du søker opptak. Ekstra vakter / timar blir ikkje forskotert. Ved studiestart om hausten, reknar vi fram til 1. august. Ved oppstart om våren, blir praksis rekna fram til 1. desember.

Nyttig informasjon

Poenggrenser og poengutrekning

Poenggrensa seier noko om kor vanskeleg det er å få plass på eit studieprogram. Grensa blir ikkje satt på førehand, og kan variere frå år til år ut. Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet. Eldre poenggrenser finn du her:

Sjå tidlegare poenggrenser

 

Poengutrekninga tar utgangspunkt i karakterar frå bachelorgrad. Kvar karakter får ein talverdi (A = 5, B = 4, C = 3, D = 2, E = 1), som blir brukt i utrekning av vekta karaktersnitt og konkurransepoeng.

Du kan og få tilleggspoeng for anna høgare utdanning. Har du søkt eit studium som har krav om praksis, kan du og få tilleggspoeng for praksis. Sjå meir om korleis vi reknar din poengsum her:

Sjå poengutrekning for master

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. I søknaden må du dokumentere at du møter det fulle opptakskravet ved utdanninga. Mykje kan dokumenterast digitalt. Dokumentasjonsfristen er som regel same dato som søknadsfrist.

Sjå meir om kva som er gyldig dokumentasjon for ulike krav, og korleis du lastar dette opp i søknaden:

Meir om dokumentasjon

Tilbod på vilkår

Fullfører du bachelorutdanning etter søknadsfristen går ut, må du fortsatt søke om studieplass innan ordinær frist. Då konkurrerer du med karakterane du allereie har fått. Svar på opptaket kan bli sendt ut før du har fått vitnemålet ditt. Då kan du få tilbod på vilkår.

Når du søker
Når du søker opptak må du skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du held på med, og når du fullfører denne.

Etter du har fått tilbod
Dei konkrete vilkåra vil stå i tilbodsbrevet ditt. Du har ansvar for å dokumentere at vilkåra er møtt innan fristen som er gitt. Dette gjer du ved å sjekke om digitale resultat er tilgjengeleg i søknaden din – viss ikkje må du laste opp dokument i søknadsweb. Krav til gyldig dokumentasjon finn du her.

Utdanning frå utlandet

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Språkkrav

Du må dokumentere at du har norsk- og engelskunnskapar på nivå med generell studiekompetanse. Les meir om regelverk for søkere med utenlandsk utdanning.

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

Problem med søknad

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Svarreglar

Dei som får tilbod om studieplass må takke jaSøknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00