Poengutrekning
Der det er fleire kvalifiserte søkarar enn det er studieplassar, vert ein rangert på grunnlag av poengsum. Korleis du reknar ut dine poeng, kjem an på kva studium du har søkt opptak til.
Poengutrekninga avhenger av kva type utdanning du har søkt opptak til, og tar alltid utgangspunkt i opptaksgrunnlaget.
Har du søkt studium i Samordna opptak, finn du info om korleis du rekner poeng på deira heimesider.
Gå til informasjon om:
- Master- og vidareutdanning
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Karakterpoeng
- Årsstudium, bachelor- og femårig masterutdanning
- Alternative vegar til ingeniør- og maritim utdanning
- Overflytting
- Fagskuleutdanning (yrkesdykkar)
Master- og vidareutdanning
Ved masterstudium, og vidareutdanning med krav om høgare utdanning, er det karakterar frå bachelor/tilsvarande som er utgangspunktet. Du kan og få tilleggspoeng for anna høgare utdanning. Har du søkt eit studium som har krav om praksis, kan du og få tilleggspoeng for praksis.
Ved vidareutdanning på lågare grads nivå, er det karakterar frå VGS som er utgjer grunnlaget for poengutrekninga.
Poengutrekning for master- og vidareutdanning
Konkurransepoengsummen din består av karakterpoeng + utdanningspoeng + praksispoeng. Dersom andre tilleggspoeng skal telje med i rangeringa til eit studieprogram, vil det stå i studieplanen.
Slik blir konkurransepoengsummen rekna ut:
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt x 10. Maksimalt 50 poeng. |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp. Maksimalt 4 poeng. |
+ Praksispoeng (der dette inngår) | 2 poeng per 12 mnd. Maksimalt 6 poeng |
= Konkurransepoengsum |
Søkarar med høgare poengsum går framfor søkarar med lågare poengsum. Ved lik poengsum, går eldre søkarar framfor yngre søkarar.
Karakterpoeng
Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet ditt, multiplisert med 10. Karakterpoenga blir rekna ut av det vekta karaktersnittet som inngår i opptaksgrunnlaget til studiet, med mindre anna er fastsett i studieplan.
For studium som har opptakskrav om minst C i gjennomsnitt, må du ha minst 25,00 karakterpoeng eller meir for å oppfylle kravet.
Sjå full utrekning av karakterpoeng
Tilleggspoeng for høgare utdanning
Du kan få poeng for høgare utdanning utover opptakskravet. Det er ikkje krav om at denne utdanninga må vere relevant for å få poeng.
Tilleggspoeng for praksis
For studium som har praksiskrav, kan du få poeng for praksis utover opptaksgrunnlaget.
Praksis vert rekna frå datoen graden på vitnemålet er oppnådd. Dersom yrket krev autorisasjon, vert praksis rekna frå autorisasjonsdato.
Praksisen må vere utført etter at utdanninga som inngår i opptakskravet er avslutta.
Du kan og få praksispoeng for opptak til studium som ikkje har praksis som del av opptakskravet. Dette vil i så fall stå i studieplanen.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Ved søknad til PPU for allmenne fag, er det karakterar frå bachelor- og eventuelt mastergraden din som er grunnlaget for poengutrekning.
Ved PPU for yrkesfag tar poengutrekninga utgangspunkt i karakterar frå yrkesteoretisk utdanning eller profesjonsretta bachelorgrad, avhengig av kva som er opptaksgrunnlaget ditt.
Poengutrekning allmenne fag
Type poeng | Forklaring |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt frå opptaksgrunnlaget x 10 |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp utover opptakgrunnlag. Maks 4 poeng. |
+ Andre tilleggspoeng | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule |
= Konkurransepoeng |
C-krav: Der det ved PPU-A er opptakskrav om karakter C i gjennomsnitt frå bachelor, må du ha minst 30,00 karakterpoeng.
Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.
Søkarar med høgare poengsum går framfor søkarar med lågare poengsum. Ved lik poengsum, går eldre søkarar framfor yngre søkarar.
Poengutrekning for PPU heimla i §4-4 i forskrift om opptak til HVL.
Poengutrekning yrkesfag
Poengtype | Profesjonsretta bachelorgrad | Fag-/sveinebrev og yrkesteorietisk utdanning |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt x 10 | Vanleg karaktersnitt frå yrkesteoretisk utdanning x 10 |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp fagleg fordjuping utover opptakgrunnlaget. Maks 4 poeng. | Gir ikkje poeng |
+ Praksispoeng | Gir ikkje poeng | 2 poeng per 12 mnd med relevant praksis utover kravet. Maks 6 poeng. |
+ Andre tilleggspoeng | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule* | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule* |
= Konkurransepoeng |
Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.
Søkarar med høgare poengsum går framfor søkarar med lågare poengsum. Ved lik poengsum, går eldre søkarar framfor yngre søkarar.
Poengutrekning for PPU-Y er heimla i §4-5 i forskrift om opptak til HVL.
Karakterpoeng
Når du søker opptak til eit studium som bygger på høgare utdanning, blir karakterpoeng ein del av den totale konkurransepoengsummen din. Sjå korleis du reknar ut karakterpoeng:
Korleis rekne ut karakterpoeng
Karakterpoeng er det vekta karaktesnittet ditt frå høgare utdanning multiplisert med 10, med mindre anna er fastsett i studieplanen.
Omrekningstabell
For å kunne rekne ut karaktersnitt, må vi gjere om karakterane til riktig talverdi. Følgande tabell blir lagt til grunn:
Bokstavkarakter | Talkarakter | Eldre bokstavkarakter | Gir følgande talverdi |
A | 1,0–2,2 | Særs godt (sg) | 5 |
B | 2,3–2,5 | Mykje godt (mg) | 4 |
C | 2,6–2,7 | Godt (g) | 3 |
D | 2,8–3,0 | Noko godt (ng) | 2 |
E | 3,1–4,0 | Lite godt (lg) | 1 |
Emne som kun er bestått/ikkje bestått, blir ikkje rekna med i karaktersnittet. Ved vitnemål utan tal- eller bokstavkarakter reknast karakteren "bestått/greidd" som karakter C.
Vekta snitt
Når vi reknar ut vekta karaktersnitt, vil emne med fleire studiepoeng telje meir enn emne med færre. Ved vitnemål eller karakterutskrift utan vekting, reknar vi snittet av alle gjeldande karakterar.
Vi multipliserar talverdi med studiepoeng for kvart emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Produkta blir så summert, og delt på tal studiepoeng som er med i utrekninga. Resultatet blir berekna med tre desimalar. Dette blir det vekta karaktersnittet. Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet multiplisert med 10.
Eksempel på utrekning:
Bokstavkarakter | Talverdi | Studiepoeng | Talverdi x studiepoeng |
A | 5 | 15 | 75 |
E | 1 | 5 | 5 |
C | 3 | 15 | 45 |
B | 4 | 30 | 120 |
B | 4 | 20 | 80 |
Sum | 85 | 325 |
Karaktersnitt: 325/85 = 3,824
Karakterpoeng: 3,824 x 10 = 38,24
Årsstudium, bachelor- og femårig masterutdanning
Ved søknad i Samordna opptak er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng:
Om poengutrekning i Samordna opptak
Alternative vegar til ingeniør- og maritim utdanning
Karakterar frå vidaregåande eller fagskule er grunnlaget for utrekninga. Sjå korleis vi reknar ut poeng her:
Forkurs
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Karaktersnitt * 10 |
+ Poeng for fagbrev | 5 poeng |
+ Poeng for praksis | 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng |
+ Kjønnspoeng | 2 tilleggspoeng for kvinnelige søkarar |
= Konkurransepoengsum |
Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.
Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse.
Yrkesveg (y-veg)
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Karaktersnitt * 10 |
+ Poeng for praksis | 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng |
= Konkurransepoengsum |
Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.
Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse.
Realfagskurs
Ved realfagskurs er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:
Tresemesterordning (TRES)
Ved tresemesterordning er det karakterar frå VGS som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:
Fagskuleløpet
Karakterpoeng vert rekna ut på bakgrunn av karakterane dine frå fagskulen. Dette er eit lokalt rangeringsregelverk ved Høgskulen på Vestlandet.
Karakterar frå fagskulen vert rekna om slik:
A = 6
B = 5
C = 4
D = 3
E = 2
Vi reknar ut snittet av alle karakterar på vitnemålet ditt, og multipliserer med 10 for å finne karakterpoeng. Fag som kun har "bestått" blir ikkje med i berekninga.
Du konkurrerer berre med karakterpoenga dine, det blir ikkje gitt tilleggspoeng.
Overflytting
Med mindre anna er oppgitt, er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Utrekning av poeng skjer på same måte som i Samordna opptak.
Viss det er poenglikskap mellom to eller fleire søkjarar, vert søkjarar med studierett ved Høgskulen på Vestlandet prioritert framfor andre søkjarar.
Om poengutrekning i Samordna opptak
Fagskuleutdanninng (yrkesdykkar)
Poengsummen din blir rekna med utgangspunkt i karakterane dine frå vidaregåande skule. Så blir eventuelle tilleggspoeng lagt til. Ved yrkesdykkarstudiet kan du få tilleggspoeng for:
- fag- eller sveineprøve
- "meget godt bestått"
- relevant yrkespraksis