kvinneleg ingeniørstudent (foto)

Forkurs, realfagskurs, Y-veg og TRES

Forkurs

Ønskjer du å ta ingeniør eller nautikk, men dekker ikkje opptakskrava? Her finn du info om kva du kan gjere.

Hopp til

    Kva er forkurs, realfagskurs, Y-veg og TRES?

    Forkurs og realfagskurs er kurs du tar før du starter på ingeniør eller nautikk. Kurset går over eitt år eller eit halvt år. Då kan du søke på alle ingeniørutdanningar i Noreg. Forkurs og realfagskurs kan du ta i Bergen, Førde eller Haugesund.

    TRES og y-veg er integrerte løp. Det vil seie at du tar kurs i matte på sommaren. På hausten starter du på ingeniør- eller nautikkutdanninga. Du er då ferdig på 3 år. TRES og y-veg kan du ta i Førde eller Haugesund.

    Viss du er usikker på kva du skal søke, finn du meir informasjon lengre ned. 

    Slik søker du

    Du registrerer din søknad i vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.

    Søknadsfrist: 15. april

    Søk studieplass

    Kva skal eg søke?

    Det kjem an på hva du har frå før. Sjekk kva som er aktuelt for deg her:

    Eg har fagbrev eller yrkesfagleg utdanning

    Forkurs er eit kurs som går over eitt år. Etterpå kan du søke på alle ingeniørutdanninger i Noreg. Forkurs kan du ta i Bergen, Førde og Haugesund.

    Yrkesvegen (y-veg) er ei tilpassa ingeniør eller nautikkutdanning. Du tar først eit kurs i matte. Så tar du fysikk og norsk medan du startar på utdanninga. Du blir då ingeniør eller nautiker på 3 år. Y-veg kan du ta i Førde og Haugesund.

    Her kan du lese meir: 

    Eg har generell studiekompetanse

    Realfagskurs er eit kurs i matte og fysikk, som dekker krava til R1, R2 og Fysikk 1. Realfagskurs kan du ta i Bergen, Førde og Haugesund. 

    Tresemesterordninga (TRES) er ei tilpassa utdanning kor du tar matte på sommaren. Du startar på ingeniørutdanninga på hausten medan du tar fysikk. Du blir ingeniør på 3 år. TRES kan du ta i Førde og Haugesund. 

    Her kan du lese meir:

    Eg har fagskule

    Har du bestått to-årig godkjent fagskule, så har du generell studiekompetanse og kan søke realfagskurs eller tresemesterordning.

    Realfagskurs er eit kurs i matte og fysikk, som dekker krava til R1, R2 og Fysikk 1. Realfagskurs kan du ta i Bergen, Førde og Haugesund.  

    Tresemesterordninga (TRES) er ei tilpassa utdanning kor du tar matte på sommaren. Du startar på ingeniørutdanninga på hausten medan du tar fysikk. Du blir ingeniør på 3 år. TRES kan du ta i Førde og Haugesund.

     

    Nyttig informasjon om søking og opptak

    Opptakskravet til ingeniørutdanningane er generell studiekompetanse med matte R1 + R2 og Fysikk 1.

    Nautikk har ikkje krav til realfag, men du må ha generell studiekompetanse. Viss du ikkje dekker kravet, kan du ta forkurs eller Y-vegen.

    Poengutrekning og poenggrenser

    Når vi skal rekne poenga dine, ser vi på karakterane dine frå videregåande skule. 

    Forkurs

    Poengtype Forklaring
    Karakterpoeng Karaktersnitt * 10
    + Poeng for fagbrev 5 poeng
    + Poeng for praksis 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng
    + Kjønnspoeng 2 tilleggspoeng for kvinnelige søkarar
    = Konkurransepoengsum  

     

    Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.

    Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse. 

    Yrkesveg (y-veg)

    Poengtype Forklaring
    Karakterpoeng Karaktersnitt * 10
    + Poeng for praksis 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng
    = Konkurransepoengsum  


    Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.

    Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse. 

    Realfagskurs

    Ved realfagskurs er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:

    Om poengutrekning i Samordna opptak

    Tresemesterordning (TRES)

    Ved tresemesterordning er det karakterar frå VGS som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:

    Om poengutrekning i Samordna opptak

     

    Poenggrensa seier noko om kor vanskeleg det er å få plass på eit studieprogram. Grensa blir ikkje satt på førehand, og kan variere frå år til år ut. Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet.

    Dokumentasjon

    Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt. 

    Karakterar - Dei fleste har i dag eit elektronisk vitnemål frå vidaregåande skule. Vitnemål frå fagskule kan vi ikkje hente elektronisk, så det må du laste opp. Viss du ikkje har vitnemål, må du laste opp kompetansebevis. 

    Praksis - relevant arbeidserfaring dokumenterer du med ein attest frå arbeidsgivar. 

    Meir om dokumentasjon

    Utdanning frå utlandet

    Du må dokumentere at du møter opptakskrava til studieprogrammet, og at du møter krav til norsk- og engelskunnskapar på nivå med godkjent nivå. Les meir om utdanning frå utlandet hos Samordna opptak.

    Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan dokumentasjonsfristen.

    Svarreglar

    Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

    Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

    Problem ved søknad?

    Finn ikkje studieprogrammet

    • Sjekk at du er i riktig søknadsportal. Du søker via Søknadsweb, ikkje Samordna opptak.
    • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
    • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

    Problem med innlogging

    Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

    Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.