Tresemesterordning (TRES): For deg som har generell studiekompetanse, men manglar realfaga

Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk? Då kan tresemesterordninga vere løysinga for deg!

Kva er tresemesterordning (TRES)?

Tresemesterordninga er for deg som har lyst til å bli ingeniør, men ikkje dekker alle opptakskrava. Du tar eit sommarkurs i matte. Så startar du på ingeniørutdanninga. I tillegg til dei ordinære ingeniørfaga har du fysikk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

Vi har tresemesterordning (TRES) i Førde og Haugesund

I Førde kan du bli:

  • byggingeniør
  • elektroingeniør

Les meir om tresemesterordninga i Førde

Haugesund kan du bli:

  • branningeniør
  • elektroingeniør
  • maskiningeniør

Les meir om tresemesterordninga i Haugesund

 

Kva er fristen?

Fristen for å søke opptak til tresemesterordninga er 15. april.

Kva er opptakskravet?

Du må ha generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule eller realkompetanse.

Søkjarar som allereie har faga R1, R2 og Fysikk1 kan som hovudregel berre få tilbod om plass gjennom tresemesterordninga dersom det er ledige plassar.

Kva for dokumentasjon treng eg?

Du må laste opp dokumentasjon på generell studiekompetanse eller vitnemål frå teknisk fagskule.

For å få tilleggspoeng må du laste opp dokumentasjon på høgare utdanning, folkehøgskule eller førstegongsteneste. Utdanning må dokumenterast med vitnemål eller karakterutskrift. Folkehøgskule må dokumenterast med vitnemål. Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta.

Viss du søkjer på bakgrunn av realkompetanse, må du laste opp dokumentasjon på tilsvarande kunnskapar:

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Du må i eit eige skriv grunngje kvifor du søkjer studiet, for motivasjonen til å studere og eigen oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet.

Korleis blir poenga regna?

Poengsummen din blir rekna ut på same måte som ved opptak til grunnutdanningar gjennom Samordna opptak. Søkjarar som har gått teknisk fagskule eller har realkompetanse som grunnlag, vil få individuell vurdering.