Ingeniør tresemesterordning, Haugesund

Har du lyst til å bli ingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Då er tresemesterordninga noko for deg!

I tresemesterordninga følgjer du ein spesielt tilpassa framdriftsplan første studieår. Når du kjem til starten på andre studieår er du komme likt med studentane som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket. 

Merk at du søker opptak til tresemesterordninga gjennom Søknadsweb. 

Ved campus Haugesund kan du ta desse ingeniørutdanningane gjennom tresemesterordninga: 

Dersom du planlegg å bytte til anna høgskule/universitet undervegs, bør du undersøke på førehand om den institusjonen du ønskjer å bytte til vil godkjenne HVL sitt sommarkurs i matematikk.

Sommarkurs i matematikk

Undervisninga skjer gjennom 6-7 veker på sommaren (måndag-fredag) før du startar på første året av bachelorutdanninga, og bliravslutta med eksamen. Oppstart er 17. juni.

Dagane på sommarkurset vil stort sett sjå slik ut: 

  • 09.15–11.00: Forelesing 
  • 11.00–15.00: Reknetrening med studentassistentar 

Frå 15. juni finn du detaljert timeplan i TimeEdit.  

Merk:Dersom du har matematikk R1 + R2 og derfor ikkje skal ta sommarkurset, må du melde frå om dette til opptak@hvl.no før sommarkurset startar. Elles mister du studieplassen din. 

Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2 . Pensumbok er "Sinus for eittårig forkurs" (3. utgåve). Du må også ha kalkulator (Casio fx-82ES, alle variantar). 

I tillegg til undervisningstida bør du sette av tid til å arbeide med oppgåver og førebuing til eksamen. Eksamen må vere bestått for at du skal kunne fortsette på ingeniørutdanninga i haustsemesteret. 

Fysikk 

Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna haustsemesteret første studieår. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1. 

Eksamen i Grunnleggjande fysikk må vere bestått for at du skal kunne fortsette på ingeniørutdanninga i vårsemesteret. 

Dersom du har Fysikk 1 frå før, kan du få fritak. Ta kontakt for detaljar!