Ingeniør tresemesterordning, Førde

Har du lyst til å bli ingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Då er tresemesterordninga noko for deg!

Gjennom tresemesterordninga begynner du med eit sommarkurs i matematikk. Deretter startar du på ingeniørutdanninga, der du i tillegg til dei ordinære ingeniørfaga har fysikk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

Ved campus Førde kan du ta desse ingeniørutdanningane gjennom tresemesterordninga:

Merk at du søker lokalt opptak til tresemesterordninga, gjennom vår Søknadsweb. 

Organisering av studiet

Sommarkurs i matematikk

Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren (måndag-fredag) før du byrjar på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er 24. juni. Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2.

Fysikk

Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna i haustsemesteret første studieår, totalt 90 timar. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1. Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 kan du få fritak for delar av kurset.

Når du har greidd alle emna første året, har du komme like langt som dei ordinære ingeniørstudentane.