Realfagskurs | nett- og samlingsbasert | deltid
Forkurs
Realfagskurset er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til ingeniørutdanningar. Kurset blir gjennomført på deltid gjennom ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar, og lar seg kombinere med jobb.
Kva er realfagskurs?
Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som ønskjer å bli ingeniør, men som ikkje har matte og fysikk.
Kurset er nett- og samlingsbasert, og kan derfor kombinerers med jobb. Samlingane og eksamen går føre seg ved studiestaden du får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.
Faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er tilpassa ei vidare ingeniørutdanning.
Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta realfagskurset.
Du kan også ta realfagskurset på våren i Bergen. Dette kurset går på heiltid over eitt semester.
Realfagkurset følger Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.
Kva blir du kvalifisert for?
Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Norge.
Korleis er undervisninga?
Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. Vi legg opp til tre dagar lange samlingar ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar. I samband med labundervisning vil ei av samlingane bli obligatorisk.
Du møter på studiestaden du har fått opptak til (Bergen, Førde eller Haugesund)
For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset. Slik som norsk, engelsk, og teknologi og samfunn.
Realfagskurset inneheld berre realfaga, altså matematikk og fysikk.