Forkurs | Bergen
Forkurs
Dette kurset er for deg som har yrkesfagleg utdanning, men manglar generell studiekompetanse. Forkurset gir eit godt grunnlag for å søke høgare teknisk utdanning i Norge og er ei god plattform for framtidige yrke.
Faga som inngår i kurset er:
- Matematikk
- Fysikk
- Norsk
- Engelsk
- Teknologi og samfunn
Faga i forkurset er på vidaregåande skule-nivå, men gir ikkje offentleg eksamen.
Forkurset er basert på "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.
Korleis er undervisninga?
Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året vil det kunne bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.
Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17. Sjå nettsida til Metis
Kva blir du kvalifisert for?
Forkurset er eit eittårig studieløp som gir opptaksgrunnlag for ei treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag. Etter bestått forkurs får du eit forkursvitnemål som gir deg rett til å konkurrere i forkurskvota ved opptak til treårige ingeniørstudium i Noreg.
På treårige ingeniørutdanningar er inntil 20 prosent av studieplassane reserverte for søkarar med eittårig forkurs med full fagkrins. Du har full fagkrins om du har fullt forkurs, utan fritak i fag. Har du vitnemål frå forkurs med fritak i eitt eller to fag, vil du ikkje konkurrere i forkurskvota. Forkurset må vere godkjent.
Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.
.