Realfagskurs | Bergen

Forkurs

Det er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudia i Norge. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!

Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som har generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule, eller realkompetanse, men som manglar realfagleg fordjuping.

Faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad innretta mot ei vidare ingeniørutdanning.

Undervisninga for det halvårige realfagskurset på heiltid går føre seg kvart vårsemester på campus Bergen.

Realfagkurset følger "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs" utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

.