Forkurs | nett- og samlingsbasert
Forkurs
Dette er eit nett- og samlingsbasert forkurs for deg som har yrkesfagleg utdanning, men manglar generell studiekompetanse. Forkurset gjer deg klar for å søke høgare teknisk utdanning i Norge.
Kva er forkurs?
Forkurset er perfekt for deg som har ein yrkesfagleg utdanning og ønsker å bli ingeniør eller ta ein maritim utdanning. Med dette kurset kan du søke på alle ingeniørutdanningar i Noreg.
Samlingane og eksamen går føre seg ved studiestaden du får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.
Faga som inngår i kurset er:
- Matematikk
- Fysikk
- Norsk
- Engelsk
- Teknologi og samfunn
Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta forkurset.
Viss du ikkje ønsker å ta forkurset på nett, kan du ta forkurset på campus Bergen.
Forkurset er basert på "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.
Kva blir du kvalifisert for?
Forkurset er eit eittårig studieløp som gir opptaksgrunnlag for ei treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag. Etter bestått forkurs vil du konkurrere i forkurskvota ved opptak til treårige ingeniørstudium i Noreg.
På treårige ingeniørutdanningar er inntil 20 prosent av studieplassane reserverte for søkarar med eittårig forkurs med full fagkrins. Du har full fagkrins om du har fullt forkurs, utan fritak i fag. Har du fritak i eitt eller to fag, vil du ikkje konkurrere i forkurskvota. Forkurset må vere godkjent.
Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.
Korleis er undervisninga?
Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. For realfaga, matematikk og fysikk, legg vi opp til tre dagar lange samlingar ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar. I samband med labundervisning vil ei av samlingane bli obligatorisk.
For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
Kva er forskjellen på forkurs og realfagskurs?
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset. Slik som norsk, engelsk, og teknologi og samfunn.
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse og berre manglar realfaga.