Byggingeniør | Førde

Bachelor

Byggingeniøren planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. I dette yrket vil du også jobbe med å sikre berekraftige og grøne løysingar i framtidas bygg.

Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.

Utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.

I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan ulike studieretningar.

Du lærer å:

  • planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid

HVL tilbyr denne utdanninga i både Bergen og Førde, og at det kan difor vere lurt å legge inn begge alternativ på søkarlista di.

Lett å bli kjent med folk

Andreas Øsleby (25) studerer byggingeniør i Førde. Han likar at det er små klassar som gjer det lett å henge med i timen og spørre om det ein lurer på.

Korleis er undervisninga?

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.

Ein del av emna har nettundervisning saman med studentane på byggingeniørstudiet i Bergen.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Praksis: 
Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.

Studentjobb: Få relevant jobb mens du studerer!

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Vil du studere meir?

Ein bachelor som byggingeniør gir deg moglegheiter til å søke opptak til mastergrader i inn- og utland.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.

Kor kan du reise?