Maskiningeniør

Maskiningeniøren blir gjerne omtalt som den «klassiske ingeniøren». Yrkesvegane er mange for den allsidige maskiningeniøren. Som maskiningeniør designar du produkt, utformar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.

Tannhjula i ein girkasse og gassturbinen i ein jetmotor er berre to av veldig mange maskiner som bokstavleg talt får samfunnet til å gå rundt.

Maskiningeniørar jobbar innanfor mange ulike bransjer, og dei oppgåvene du utfører til dagleg vil avhenge mykje av kvar du jobbar. Nokon lagar skipsmotorar mens andre lagar sjukehusutstyr.

Felles for alle maskiningeniørar er at dei arbeider med eksisterande teknologi og brukar denne til å utvikle nye produkt og tenester. Som maskiningeniør vil du arbeide mykje med design for å betre funksjonaliteten og effektiviteten til teknologien.

Ved Høgskulen på Vestlandet kan du utdanne deg til maskiningeniør både i Bergen, Florø og Haugesund. I Haugesund vil du tredje året fordjupe deg i anten marin konstruksjonteknikk eller prosess- og energiteknikk. På Stord har vi eit to-årig bachelortilbod for deg som har 2-årig teknisk fagskule frå før av.