Kvinnelig student frå studiet maskiningeniør (foto)

Allmenn maskinteknikk | Bergen

Bachelor

Maskiningeniøren blir gjerne omtalt som den «klassiske ingeniøren», og kan jobbe innan ei rekke fagfelt.

Maskiningeniøren designar, produserer, driftar og vedlikeheld produkt og produksjonsutstyr. Dei utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar.

I bachelorstudiet Allmenn maskinteknikk lærer du om dei grunnleggande maskinfaga, som mekanikk, maskindelar, teknisk varmelære, konstruksjonsteknikk, motorar og oljehydraulikk.

Utdanninga er bygd opp i nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er regionen med mest industri i Noreg, og det er eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Torbjørn skal bli ingeniør

Torbjørn Smith har heilt sidan han var liten vore fascinert av båtar, bilar og fly. Valet av studieretning vart derfor enkelt.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire studiestadar , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Korleis er undervisninga?

Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er førelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Vil du studere meir?

Med fulllført bahcelorgrad kan du søke opptak til ulike mastergrader ved HVL. Du kan óg søke opptak til andre mastergrader nasjonalt og internasjonalt.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. 

Kor kan du reise?