University of the Sunshine Coast (USC)
University of the Sunshine Coast vart opna i 1996. Sjølv om dette er eit relativt nytt universitet, har det vunne fleire prisar for kvalitet i utdanninga. Innafor HMS, er det spesielt det ytre miljøet dei er gode på og dei tilbyr ein god del emner innafor dette fagfeltet.
På økonomi og administrasjon har dei eit breitt utvalg, og det er mulig å sette saman emner innafor dei forskjellige profilane me har her heime, for eksempel ta emner innan både finans og organisasjon.
Universiteter i Australia er kjende for å tilby emner innan leiing og entreprenørskap som har med turisme å gjere, og University of the Sunshine Coast er ikkje eit unntak. Universitetet har 7500 studenter og ligg i landlege omgivnadar, i ein av Australias vakreste regioner (Queensland), ein times kjøyretur nord for Brisbane.
Gjeld for
Alle campus
Språk
Du må ha 4 eller betre i engelsk fra vidaregåande. Om du ikkje har det, må du ta ein språktest, antan IELTS eller TOEFL.
Studieavgift
Utvekslingsstudentar betalar skulepengar. I 2017 kostar det A$ 9900 per semester. Studentar frå HVL får 10 % rabatt på skulepengane. Kostnadar til bustad kjem i tillegg.
Faglig godkjenning
For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL
Kva kan du studere?
Grunnskolelærarutdanning 1.-7. trinn
Hvis du går på "gamle" GLU, kan du søkje om å dra til USC i første semester av 4. studieår. Dersom du går på den nye masterutdanninga kan du kan søkje om å reise til USC i vårsemesteret i 3. studieår
glu5-10
Hvis du går på "gamle" GLU, kan du søkje om å dra til USC i første semester av 4. studieår. Dersom du går på den nye masterutdanninga kan du kan søkje om å reise til USC i vårsemesteret i 3. studieår
Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund
Studerer du økonomi og administrasjon kan du reise på utveksling til USC i 4. eller 5. semester. Kva semester du kan reise ut i vil avhenge av kva campus du studerar på. Ta kontakt med din faglege kontaktperson dersom du vil vite meir.
Bachelor i ingeniørfag, allmenn maskinteknikk
GJELD ALLE MASKIN- OG MARINFAG: Du kan reise på utveksling til USC i 5. semester.
Bachelor i vernepleie
Du kan dra på utveksling til USC i 4. eller 5. semester.Bachelor i sosialt arbeid
Du kan dra på utveksling til USC i 4. eller 5. semester.Bachelor i ingeniørfag, bygg
Gjeld alle bachelorutdanningar i byggfag: Du kan dra til USC i 4. eller 5. semester.>/bygg>Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal
Du kan søkje om å reise på utveksling til USC i 3. studieår. Vanlegvis skjer utvekslinga i 6. semester, men ta kontakt med din faglge kontaktperson dersom du vil vite meir.Idrett og kroppsøving, bachelorstudium, Sogndal
Du kan søkje om å reise på utveksling til USC i 3. studieår. Vanlegvis skjer utvekslinga i 6. semester, men ta kontakt med din faglge kontaktperson dersom du vil vite meir.Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal
Du kan søkje om å reise på utveksling til USC i 3. studieår. Vanlegvis skjer utvekslinga i 6. semester, men ta kontakt med din faglge kontaktperson dersom du vil vite meir.