– Får utfordra meg sjølv

Maria utdannar seg til maskiningeniør i Haugesund. Framtidsdraumen er å jobbe med prosessar og produksjon i industrien slik at den kan bli meir berekraftig.

Navn: Maria Ellingsen
Campus: Haugesund
Utdanning: Maskiningeniør

Det beste med å studere i Haugesund? Det er det intime studentmiljøet. Fordelen med å studere på ein liten plass, er at det er lettare å bli kjent med folk. Det er hyggeleg å kunne treffe kjentfolk, anten du går i kantina eller ein tur i byen, meiner Maria. 

– I tillegg har vi studentorganisasjonar og studentsamskipnaden Sammen, som er med på å tilrettelegge for eit godt sosialt miljø, uansett interesser. Lærarne er også lett tilgjengelege, og du får god oppfølgning her som følge av at klassene er mindre. 

Kjekt å modellere maskindelar i 3D

– På maskiningeniørstudiet får eg utfordra meg sjølv og lærer mykje nytt, seier Maria. 

Ho fortel at ein lærer mest om grunnleggande fag som matte, fysikk og kjemi det første året. Vidare er det ein del fag som er meir tekniske og yrkesretta.

– I fleire av faga har vi lab-øvingar for å få meir praktisk forståing. Dessuten har vi nokre konstruksjonsfag der vi får jobbe med modellering av maskindelar i 3D. Dette er det kjekkaste å halde på med! 

Vil jobbe for ein meir berekraftig industri

Ein maskiningeniør kan jobbe innanfor mange ulike bransjar. Oppgåvene du utfører til dagleg vil avhenge mykje av kvar du jobbar. Ofte designar, produserer, driftar og vedlikeheld maskiningeniøren produkt og produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.

Når Maria er ferdig ønskjer ho anten å jobbe som maskiningeniør, eller ta vidare studium for å bygge på bachelorgraden. 

– Draumen er å jobbe med prosessar og produksjon i industrien, slik at han kan bli meir berekraftig. 

Tok snarvegen gjennom tresemesterordning

For å komme inn på maskiningeniørstudiet må du ha matte R1 + R2 og fysikk 1, i tillegg til generell studiekompetanse. Men om du drøymer om å bli ingeniør og manglar realfaga, finst det alternative vegar. 

For Maria gjekk vegen til ingeniørstudiet gjennom tresemesterordninga. Ho tok først eit sommarkurs i matte. Så starta ho på ingeniørutdanninga same haust. I tillegg til dei vanlege ingeniørfaga hadde ho fysikk. Då blir ho ferdig med utdanninga på 3 år.

– Dette funka veldig bra for meg gjennom god undervisning og oppfølgning.

Utfordringar gir mestringskjensle

Maria trur det er viktig å ha ei viss grunnforståing for realfag og gjerne interesse for teknologi om ein skal utdanne seg til maskiningeniør. Du bør også bør vere motivert og førebudd på å ha gode studierutinar.

– Forståinga i faga kjem viss du jobbar med dei jamnt og trutt. Av og til støyter ein på vanskelegare emne kor ein set seg fast, og då er det viktig å ikkje gi opp. Eg føler studiet krev ein del av meg, men det kjennest ekstra godt når ein får det til.

Maria synest dessutan alt blir kjekkare når ein engasjerer seg i det ein gjer. Difor deltek ho aktivt i både faga, studentmiljøet og studentrådet.

– Faga er veldig interessante, og det er stor mestringsfølelse når ein får til det ein driv med. Men dei gode studievennane du får er utan tvil det beste! 

Er dette eit studium for deg? Les meir om bachelor i maskiningeniør.