

Simen er snart ferdig utdanna dataingeniør.
Dataingeniør
Bachelor
Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Som dataingeniør kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.
Vi omgir oss med datateknologi kvar dag. Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til finans og media, handel og energiforsyning.
Ein dataingeniør jobbar ofte i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. Likar du å samarbeide med andre? Har du sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Har du lyst til å utvikle digitale løysingar? Då kan dataingeniør vere studiet for deg!
Gjennom studiet lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.
Dette vil seie:
- korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
- om databasar og web-baserte system
- om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
- kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling
I siste del av studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar:
- Programutvikling
- Drift av datasystem
- Web- og mobilteknologi
- Datagrafikk
- Kunstig intelligens og algoritmar
Bachelorutdanninga er eit ingeniørstudium som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag.
Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.
Korleis er undervisninga?
IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.
Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium, og gruppearbeid.
I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve, bacheloroppgåva, der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og dei kan også gjerast utanlands.
Praksis
I siste år av utdanninga kan du velje å ha praksisperiode i ei lokal bedrift. Du vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, noko som vil gi deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.
Kva kan du jobbe med?
Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, samt alle greiner av det offentlege. Du kan få jobb i programvarehus eller konsulentfirma som utviklar IT-system for næringslivet eller offentleg forvaltning. Du kan også få jobb innan IT-drift i ei større verksemd, eller du kan få sjølvstendig ansvar knytt til IT i ei mindre verksemd.
Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing, utforming av brukargrensesnitt. Webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande er aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.
Vil du studere meir?
Etter fullført bachelorstudium kan du søke plass på mastergradstudiet i programutvikling, eller på andre mastergradar innan datafag/informatikk.
Utveksling
Grip sjansen til å opplever verda medan du studerer! Utanlandsopphald gjer ein normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagd. Under kan du sjå heile lista over utdanningsinstitusjonar vi har avtale med.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | Griffith University
Belgia | Thomas More University of Applied Sciences
Canada | University of New Brunswick
Frankrike | Paris University 13
New Zealand | Auckland University of Technology
Spania | University of Extremadura
Spania | Polytechnic University of Valencia
Spania | Autonomous University of Madrid
Spania | University of Malaga
Sveits | European Organisation for Nuclear Research
Sør-Korea | Myongji University
Tsjekkia | University of Hradec Králové
Tsjekkia | Czech Technical University in Prague
Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida