Kvifor studere informasjonsteknologi?
Datasystem blir brukt innan dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning.
Med ei IT-utdanning i informasjonsteknologi vil du stå sterkt rusta for ein interessant jobb i ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse. Du finn jobbane både i privat og offentleg sektor.
For nye studentar hausten 2026, tilbyr vi denne utdanninga på heiltid i Bergen
Det blir ikkje opptak av nye studentar i Førde og Haugesund i 2026.
