Informasjonsteknologi | Bergen

Bachelor

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel i helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning. Med ei utdanning i informasjonsteknologi er difor arbeidsmoglegheitene mange.

Med ein bachelor i informasjonsteknologi vil du ofte kunne jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. Likar du å samarbeide med andre og har sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Då kan informasjonsteknologi vere studiet for deg!

Gjennom studiet lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.

Dette vil seie 

  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata 
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling 

I siste del av studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar:

  • Programutvikling
  • Drift av datasystem
  • Web- og mobilteknologi
  • Datagrafikk
  • Kunstig intelligens og algoritmar

Vi tilbyr denne utdanninga ved to campusar. Det kan vere lurt å søke begge stader.

Utdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

Korleis er undervisninga?

IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Praksis

I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorstudium er du kvalifisert for å søke opptak til Master i programutvikling ved HVL, og andre masterutdanningar innan datafag/informatikk ved ulike utdanningsinstitusjonar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

Kor kan du reise?